HeimBarnehageTilsyn med barnehagar

Tilsyn med barnehagar

  • Alver kommune som barnehagemynde fører lokalt tilsyn med barnehagane i Alver.
  • Barnehagelova med forskrift er gitt for å sikre at alle barn får eit godt og likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet. Tilsyn på barnehageområde er kontroll av at barnehagane oppfyller pliktene dei er pålagt etter gjeldande regelverk.
  • I tilsynet undersøkjer barnehagemynde barnehagen sin praksis og gjev barnehagen pålegg om å korrigere dersom praksis ikkje er i samsvar med regelverket.
  • Det er stab oppvekst som gjennomfører tilsyn. Alver kommune har ei eiga handbok for korleis kommunen som mynde utøver tilsyn med barnehagane i kommunen. Gjennom ei felles metodisk tilnærming vil barnehagane oppleve at tilsyna blir gjennomført på ein einsarta måte.

Trykk her for handbok for tilsyn i Alver kommune


Sist oppdatert: 10.11.2021
Publisert: 10.11.2021