HeimBrannvern, eldstad og feiingEldstad, feiing og tilsyn

Eldstad, feiing og tilsyn

Skal du installere eller reparere eldstad?

Du treng ikkje søkje dersom:
  • du skal installere, endre, rive eller reparere ein eldstad innanfor ein og same brukseining eller branncelle
  • rive og byggje opp att delen av skorsteinen som er over tak

Det er ingen formelle krav til den som skal setje opp ein eldstad. Vi anbefaler likevel at du bruker kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Sjølv om du ikkje må søkje, må du melde ifrå til kommunen om det du har gjort.

Slik sender du melding til kommunen:

  1. Trykk her for å gå til det digitale meldeskjemaet på brannvern.no
  2. Du må både fylle ut informasjon om bustaden din og den som monterer omnen for deg.
Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:
  • du skal byggje, rive, endre eller rehabilitere skorstein
  • dette vil seie at rehabilitering, til dømes nytt røyr eller bruk av glidestøp i eksisterande pipeløp, er søknadspliktig

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk

Slik søkjer du
  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Fagfolka som søker for deg må bruke blankett 5174.
  3. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  4. Skjemaet sender du på e-post til post@alver.kommune.no eller med posten til:
    • Alver kommune
      Postboks 4
      5906 Frekhaug
Søknaden må innehalde:
  • erklæring om ansvarsrett for fagfolk, både ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande
  • monteringsrettleiing eller brannteknisk godkjenning av løysinga du skal nytte
  • opplysningar om tal røykløp
  • opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet – trykk her for å lese meir om nabovarsling
  • situasjonsplan, takplan eller planteikning som viser kor i bygget skorsteinen er, og der det eventuelt er fleire skorsteinar i bygningen
  • fasadeteikningar av bygningen, takplan og snitt der det skal førast opp ny skorstein
Kva kostar det?

Behandling av søknaden kostar 3.800 kroner. 

Gebyret er det same for avslått sak.

Separat søknad om rehabilitering/reparasjon av eldstad/skorstein kr. 0.

Kva seier lova?

Feiing og tilsyn

Når er neste feiing/tilsyn hjå meg? 

Trykk her for å logge deg inn på Min Eigedom.

Her kan du også sjå og svare på varsel om feiing/tilsyn, og eventuelle avvik som er rapportert.

Feiing og tilsyn av bustad

Tidlegare kom vi på bustadtilsyn kvart fjerde år. Ny forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg.

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing. Du får eit varsel på tekstmelding før besøket. Du må vere heime når vi kjem på tilsyn, men feiinga kan vi gjennomføre utan at du er heime.

Feiing og tilsyn av fritidsbustad/hytte

Den nye forskrifta seier at alle fritidsbustader med eldstad får same krav til branntryggleik som vanlege bustader.

Det betyr at brannvesenet skal gjennomføre feiing og tilsyn i alle fritidsbustader med eldstad. Branntekniske krav om røykvarslar og sløkkjeutstyr i kvar etasje vert også gjeldande for fritidsbustader.

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing, og utfører feiing ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. 

Du får eit varsel på tekstmelding før besøket. Du må vere på hytta når vi kjem på besøk for tilsyn, men feiinga kan vi gjennomføre utan at du er der.

Dette må du gjere før vi kjem
  • Ikkje fyr den dagen vi skal feie
  • Hugs å stengje spjeld og ventilar
  • Finn fram ei bøtte til sot
  • Har du peis, kan det vere lurt å hengje eit vått handkle framfor opninga
  • Set fram godkjend stige. Stigen må vere i metall
  • Sjekk at det er stigetrinn på taket fram til skorsteinen
Kva kostar det?

Det kostar 436 kroner i året å feie hus/hytte. Kvar ekstra pipe kostar 140,80 kroner i året. 

Trykk her for gebyr- og betalingssatsar for Alver kommune - 2024

Trykk her for gebyr- og betalingssatsar for Alver kommune - 2023

Kvifor feiar vi?

Ein skorstein med mykje sot vil sleppe ut meir CO2 i tillegg til at han vil trekkje dårlegare. Regelmessig feiing av både skorstein og eldstad vil derfor vere meir økonomisk, fungere betre og ureine mindre.

Hindrar feiing pipebrannar?

Det er viktig at feiaren får avdekt om det er beksot i skorsteinen, når han eller ho gjennomfører tilsynet. Pipebrann oppstår av beksot. Uheldig fyringsmønster og/eller dårleg isolerte skorsteinar kan føre til beksot. Denne sota er vanskeleg å fjerne, og skorsteinen må gjerne fresast. Dersom det blir avdekt store mengder beksot i skorsteinen, vil vi krevje at det blir utført tiltak. I nokre tilfelle gir vi fyringsforbod.

Bustadtilsyn

Før kom vi på bustadtilsyn kvart fjerde år. Ny forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov.

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing. Du får eit varsel på sms før besøket. Du må vere heime når vi kjem på tilsyn, slik at du kan vise oss rundt i bustaden.

Dette sjekkar vi:

  • at eldstad og skorstein er intakt og verkar slik dei skal
  • at røykvarslarar og sløkkjeutstyr fungerer, og at det er rømmingsvegar frå bustaden
  • om det er behov for feiing, og om feiar har tilgang til skorsteinen

I tillegg gir vi deg god informasjon og rettleiing på spørsmål om branntryggleik, fyring og fyringsøkonomi.

Kva kostar feiing og tilsyn?

Gebyr for tilsyn og feiing inngår i dei kommunale avgiftene som du betalar kvart år.

Kostnaden for feiing og tilsyn er rekna ut til ein gjennomsnittleg pris per år – slik at du betalar same beløp kvart år, uavhengig om du har hatt feiing og tilsyn det året, eller ikkje.

  • Årsbeløpet for feiing og tilsyn er 545 kroner for einebustad og fritidsbustad.
  • Tillegg for ekstra pipe er kroner 176 kroner.
Logg inn på Min eigedom

Trykk her for å logge seg inn på "Min eigedom".


Sist oppdatert: 30.08.2023
Publisert: 13.07.2018