Fosterheim og familieheim

Vi har tru på at eit trygt fellesskap og nettverk kan gi barn og unge den hjelpa og støtta dei treng. «It takes a village to raise a child», er mottoet vårt i arbeidet med å ta vare på barn og unge som treng hjelp. Vi skal stå saman for å tilby barn og unge i fosterheim dei beste vilkåra som mogleg i landsbyen vår, Alver.

Kva oppfølging får eg som fosterforelder i Alver kommune?

Som fosterheim i Alver vil du få ein sakshandsamar som vil følgje opp fosterforeldre, fosterbarn, og biologiske barn. Sakshandsamar vil kome på oppfølgingsbesøk minimum 4 gongar per år, og elles ved behov. Det kan vera praktiske spørsmål eller behov for å drøfta andre dilemma og problemstillingar. Dersom barnet har kontakt med andre eksterne instansar (PPT, BUP, og liknande) kan sakshandsamar bidra i kontakten/samarbeidet.

Du vil få tildelt ein rettleiar frå rettleiingsteamet i barneverntenesta. Barneverntenesta ynskjer å ha same rettleiar til fosterforeldre og foreldre.

Mengde oppfølging vidare er avhengig av kva for behov du/de har. De kan få rettleiing både i grupper saman med andre fosterheimar og individuelt. Alver kommune har ikkje noko øvre grense for kva for oppfølgingstiltak som kan settast inn.

Vi trur på involvering og dialog omkring tema som kjennes viktige for familiane. Barneverntenesta bidrar med rettleiing til både fosterforeldre, og foreldre for å bidra til felles forståing.

Trykk her for å kome direkte til kontaktskjema fosterheimstenesta

Kva med mine biologiske barn?

De vil få god rettleiing i korleis de kan strekke til som trygge omsorgspersonar for alle barna i familien. De vil få rettleiing i korleis ulike relasjonar påverkar kvarandre. Det vil hele tida gjerast individuelle vurderingar om det er behov for å inkludere biologiske barn i rettleiingstimane.

Tenesta har stor forståing for at familien er viktig, og set inn nødvendige tiltak dersom det er behov for forsterka oppfølging eller andre tiltak retta mot familien eller dei biologiske barna.

Kva kompensasjon får vi?
  • Grunnstønad. Alle fosterheimar får ei grunnstønad og dekking av utgifter ut frå KS sine satsar. Du vil i tillegg få barnetrygd slik du får for eigne barn. 
    Trykk her for å sjå Ks sine satsar for fosterheim
  • Ekstrautgifter. De vil også få støtte til ekstrautgifter som briller, helsetenester, tannhelse, dåp/konfirmasjon med meir.
  • Pensjon. Fosterforeldre får ei grunnstønad. Det er ei pensjonsgivande inntekt som gir opptening av alderspensjon i folketrygda. Per nå blir ikkje fosterforeldre rekna som arbeidstakarar, men som oppdragstakarar/frilansarar og blir likestilt med sjølvstendig næringsdrivande. Difor får ikkje fosterforeldre opptening i tenestepensjon, men kan spare til pensjon i private pensjonsordningar.
  • Frikjøp. Nokre gonger blir fosterforeldre frikjøpt frå sitt daglege arbeid for å kunne være fosterheim på heiltid. Ein kan bli frikjøpt frå heile eller deler av stillinga, ut ifrå kva behov barnet og familien har. Det betyr at barneverntenesta betalar for tapt inntekt, opptil eit rettleiande tak på 6G i året.
  • Til de som er uføre. Ein kan være fosterforelder sjølv om ein er uføretrygda. Det er viktig med dialog med NAV på dette. Ein må sikra seg at ein ikkje mistar uføretrygda, og kor lenge ein kan «pause» den før ein må gjennom ny søknadsprosess dersom ein skal frikjøpast.


I fosterheimsavtala (pdf) kan du lese meir detaljert kva du får og kva du forpliktar deg til dersom du takkar ja til å bli fosterheim for eit barn.

Trykk her for å sjå fosterheimsavtalen

Vil du vite meir?

Dersom du er litt nysgjerrig, kan du lese meir om det å bli fosterheim for eit barn i eige nærmiljø, på fosterhjem.no. Du kan også ta uforpliktande kontakt med fosterheimstenesta:

Trykk her for kontaktinformasjon

 


Trykk her for å sjå informasjonsside om prosjektet


Sist oppdatert: 27.11.2023
Publisert: 27.11.2018