Fallførebyggjande gruppe

Kva er fallførebyggjande gruppe?

Alver kommune satsar helsefremjande og førebyggjande tiltak. Fysio- og ergoterapitenesta tilbyr trening i fallforebyggande grupper.

Vi tilbyr:

  • Målretta trening av balanse og styrke
  • Individuelt tilrettelagt gruppetrening ein til to gonger i veka i 8-12 veker
  • Heimebesøk for deltakar ved behov
  • Faglege tips til tilrettelegging av kvardagen for å førebygge fall
Kven kan melde seg på?
  • Eldre som bur heime og er over 65 år
  • Eldre som har falt, eller er redd for å falle
  • Eldre som har eit ynskje om å betre styrke og balanse
Kursdatoar haust 2024 og påmelding:

Fallforebyggande gruppe i Lindåshallen:

  • Kvar tysdag og torsdag klokka 10.30-11.30 i perioden 03.september til 10. oktober.

Fallforebyggande gruppe i Knarvik (Helsehuset):

  • Kvar tysdag og torsdag klokka 11.00 - 12.00 i perioden 29. oktober til 05. desember.

Det er stor pågang på treningsgruppene, og vi ser difor at du som melder deg på har intensjon om å delta på samtlige treningsøkter så langt det lar seg gjere.

Slik melder du deg på:

Send tekstmelding eller ring til fysioterapeut: 45 34 34 83 (Shandell), eller  40 91 35 58  (Kari-Anne)

Skriv kva for ei gruppe du ønskjer å delta på.

Kva kostar det?

Det er ein eigenandel per behandling i gruppe (varigheit; 1 time) på kroner 105,- Du betalar eigenandel fram til du får frikort for helsetenester.

Har du spørsmål? 

Sist oppdatert: 20.08.2024
Publisert: 21.06.2022