Fysioterapi

Tenesta er organisert i ein kommunal og ein privat del (avtalefysioterapeut).

Hovudregelen er at du oppsøker avtalefysioterapeut dersom du sjølv klarar det. Om du av helsemessige årsaker ikkje har moglegheit til det, kan kommunal fysioterapi vere aktuelt.

Kommunal fysioterapi

Slik søkjer du

Fyll ut skjema som passar for deg, og send det til:

  • Fysio- og ergoterapitenesta i Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug

  • For spørsmål, send gjerne e-post, men unngå sensitive opplysningar
    E-post: fysioergo@alver.kommune.no

Kva kostar det?

Barn under 16 år og personar som får behandling for godkjent yrkesskade, treng ikkje betale eigenandel hos fysioterapeut.

Alle andre betaler eigenandel for behandling og oppfølging hos fysioterapeut. Du betaler eigenandel fram til du når frikort for helestenester. Taket for frikort helsetenester er 3040 kroner i 2023.

Kva får du?

  • undersøking og vurdering
  • behandling og oppfølging
  • gruppetrening
  • råd og rettleiing
  • bistand til å søke om tekniske hjelpemiddel på varig utlån frå NAV hjelpemiddelsentral. Har du behov for hjelpemiddel for ein kortare periode kan du låne dei gratis frå hjelpemiddellageret i kommunen. Trykk her for å lese meir om hjelpemiddellageret vårt.
  • Fysioterapi for vaksne:
    Du kan få oppfølging av kommunal fysioterapeut i eigen heim, som del av eit institusjonsopphald, eller i fysio- og ergoterapitenesta sine kommunale behandlingsstader på Frekhaug, Manger og i Knarvik.
  • Fysioterapi for barn og unge:
    Barn og unge får oppfølging av fysioterapeut i barnehage, på skulen, i eigen heim eller i fysio- og ergoterapitenesta sine kommunale behandlingsstader på Frekhaug, Manger og i Knarvik.

Krav til søkjar

Tenesta er for alle med behov for fysioterapi som bur eller oppheld seg i kommunen. Du treng ikkje tilvising frå lege for å ta kontakt med fysioterapeut.

Kontakt oss

Trykk her for kontaktinformasjon til kommunale fysioterapeutar

Besøksadresser:

  • Fysio- og ergoterapitenesta i Knarvik
    Region Nordhordland Helsehus,
    Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
  • Fysio- og ergoterapitenesta Frekhaug
    Havnevegen 28, 5918 Frekhaug

  • Fysio- og ergoterapitenesta Manger
    Helsehuset Manger
    Radøyvegen 1621 A, 5936 Manger
Privat fysioterapi (avtalefysioterapeut)

Slik søkjer du

Ta direkte kontakt med fysioterapeut med driftsavtale, sjå oversikt over institutt under kontakt oss. 

Kva kostar det?

Barn under 16 år og personar som får behandling for godkjent yrkesskade, treng ikkje betale eigenandel hos fysioterapeut.

Alle andre betaler eigenandel for behandling og oppfølging hos fysioterapeut. Du betaler eigenandel fram til du når frikort for helestenester. Taket for frikort helsetenester er 3040 kroner for 2023.

Vel du å gå til behandling hos ein fysioterapeut utan driftsavtale med kommunen, må du betale full pris.

Kva får du?

  • undersøking og vurdering
  • behandling og oppfølging
  • gruppetrening
  • råd og rettleiing

Krav til søkjar

Du treng ikkje tilvising frå lege for å ta kontakt med fysioterapeut.

Kontakt oss

Trykk her for kontaktinformasjon til avtalefysioterapeutar i Alver.


Sist oppdatert: 11.03.2024
Publisert: 05.07.2018