Fysioterapeut med driftstilskot (Fysikalsk institutt)
Slik søkjer du
Ta direkte kontakt med fysioterapeut med driftstilskot på fysikalsk institutt. Du treng ikkje tilvising frå lege for å ta kontakt med fysioterapeut. Sjå oversikt over fysikalske institutt under «Kontakt oss».
Kva kostar det
Born under 16 år og personar som får behandling for godkjent yrkesskade, treng ikkje betale eigenandel hjå fysioterapeut.
Alle andre betaler eigenandel for behandling og oppfølging hjå fysioterapeut. Du betaler eigenandel fram til du når frikort for helsetenester.
- Trykk her for å lese meir om betalinga for fysioterapi på sidene til Helfo
- Trykk her for å gå til Norsk Fysioterapeutforbund sin prisoversikt for ulike typar behandlingar
Hjå private fysioterapeutar utan driftstilskot med kommunen, må du betale full pris.
Kva kan du forvente av fysioterapeuten
- Fysioterapeuten foretar ei grundig undersøking av deg
- Fysioterapeuten utarbeider mål for behandling i samarbeid med deg
- Fysioterapeuten avgjør behandlingsform og varighet på behandlingen med bakgrunn i ei fagleg vurdering av dine behov
- Fysioterapeuten samarbeider med din fastlege og andre relevante tenesteytarar
- Fysioterapeuten skal, etter samtykke fra deg, melde tilbake til din fastlege etter endt behandling
- Fysioterapeuten følgjer lovar og reglar om taushetsplikt og journalføring.
Kva forventar fysioterapeuten av deg
- At du er delaktig i å sette mål for behandling
- At du engasjerer deg aktivt i behandlingen
- At du gir beskjed hvis du er hindra frå å gjennomføre avtalt time
Kontakt oss
Trykk her for kontaktinformasjon til fysioterapeuter med driftstilskot.
Sist oppdatert:
16.04.2024
Publisert:
16.04.2024