Gravstell

Radøy arbeidssenter tilbyr stell av graver på Sæbø, Manger, Sletta og Bø/Rikstad.

Knarvik arbeidssenter tilbyr stell av graver i Meland, Knarvik og Alversund.

Det er Alver kyrkjelege fellesråd som har driftsansvaret for gravplassar i Alver, og har godkjent Radøy og Knarvik arbeidssenter som to av fleire tilbydarar av gravstell.

Heilårsavtale

Heilårsavtalen inneheld:

  • Påskeliljer
  • Vårblomar før 17. mai
  • Sommarblomar
  • Kantklypp, luking og jordfornying
  • Haustlyng
  • Gravlys til Allehelgensdag
  • Vinterdekke med edelgran og mosekrans

Kva kostar det?

Prisen for heilårsavtale er 2.200 kroner i året.

Slik bestiller du

For stell av graver på Sæbø, Manger, Sletta og Bø/Rikstad, ta kontakt med Geir Olav Repål i Radøy arbeidssenter.

For stell av graver i Meland, Knarvik og Alversund, ta kontakt med David Vikanes ved Knarvik arbeidssenter.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 20.12.2022