Velferdsteknologi

Kva er velferdsteknologi?

Velferdsteknologi er tekniske hjelpemiddel og alarmar, som gjer at du kan kjenne deg trygg heime og meistre kvardagen trass sjukdom og nedsett funksjonsevne. Etter at vi starta med velferdsteknologi, har tryggleiksalarm blitt ein del av dette tilbodet.

Teknologien varslar når det skjer ei uønskt hending, og kan førebyggje behovet for andre pleie- og omsorgstenester. Velferdsteknologien kan også bidra til å avlaste pårørande.

Kva type alarmar og hjelpemidlar finns?

Tryggleikskapande teknologi i heimen:

Tryggleiksalarm med alamknapp som smykke eller armband er mest brukt.

I tillegg kan ein rekke sensorar kan koplast til tryggleiksalarmen etter behov. Til dømes sensorar som kan gje alarm ved fall, utgang av dør på natt og røykutvikling og brann.

Lokalisering ute:

Mobile alarmar med lokaliseringsteknologi (GPS) som gjer at personar med fare for å gå seg bort eller ikkje finne heim kan bli lokalisert av pårørande eller helsepersonell.

Hjelp til å hugse medisin:

Dette er ein doset eller dispenser for multidoseposar som varslar når det er tid for å ta medisin. Dersom ikkje medisinen blir tatt, går det eit varsel til helsepersonell eller pårørande. For å få elektronisk medisineringsstøtte må du ha vedtak om hjelp til administrasjon av medisinar. Elektronisk medisineringsstøtte er gratis for tenestemottakar.

Trykk her for å lese brosjyren vår med meir informasjon om tilboda våre.

Slik bestiller du velferdsteknologi

Ta kontakt med kommunen på telefon 56 37 50 00 eller send inn bestillingsskjema.

Trykk her for å laste ned bestillingsskjemaet.

Lever skjemaet og vedlegga på rådhuset i Knarvik eller send dei til:

Alver kommune
Velferdsteknologiteamet
Postboks 4
5906 Frekhaug

Kva kostar det? 
Inntekt Månadspris
Inntekt under 2 G* 190 kroner
Inntekt over 2 G*

390 kroner

*G= grunnbeløpet i folketrygda

Trykk her for oppdatert informasjon om grunnbeløpet på NAV sine heimesider.

Kva får du?
  • du får tryggleiksskapande teknologi som er tilpassa deg og dine behov
  • du får opplæring og informasjon
  • du blir meir sjølvstendig og mindre avhengig av andre
  • du kjem raskt i kontakt med helsepersonell
  • du får kommunal nøkkelboks slik at du kan få hjelp dersom du sjølv ikkje kan låse opp
Er du i målgruppa for å få velferdsteknologi
  • du må bu i Alver kommune
  • du er mellom 18 og 67 år med nedsett funksjonsevne psykisk og/eller fysisk og ønskjer å få velferdsteknologi
  • du er over 67 år og opplever behov for ekstra tryggleik i kvardagen og ønskjer å få velferdsteknologi. 

Barn under 18 år med nedsett funksjonsevne og personar over 18 år utan samtykkekompetanse kan få velferdsteknologi etter søknad frå føresette/verje.

Trykk her for retningslinje for tildeling av velferdsteknologi

Kva skjer når du har sendt bestillinga di?
  • Vi tar kontakt for å få informasjon om deg til registrering i fagsystem med tanke på oppfølging av alarmer.
  • Du får råd/veiledning om kva teknologi vi har og kva som kan vere tenleg for deg.
  • Fagpersonell monterer utstyr i heimen, og gir opplæring i rett bruk og informasjon om kommunen sin oppfølging av alarmer.
Kontakt oss

Ring innbyggjarservice på telefon 56 37 50 00 og be om å få snakke med velferdsteknologiteamet.

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Personvern

Det er utarbeidd personvernerklæring for velferdsteknologitenestene i kommunen. 

Trykk her for å sjå personvernerklæringa


Sist oppdatert: 01.09.2023
Publisert: 25.10.2019