Friskliv og meistring

Om friskliv og meistring

Vi tilbyr fleire kurs der fokuset er å meistre sjukdom og belastningar og førebyggje sjukdom.

Alle kursa våre tar utgangspunkt i helsedirektoratet sine tilrådingar, og dei fleste kursa går på ettermiddags- og kveldstid.

Du kan ha rett på sjukemelding for å delta på kurs i regi av Friskliv og meistring. Ta kontakt med fastlege for å avklare dette.

Kven kan bruke tilbodet?

Innbyggjarar som har behov for støtte til å betre helse, førebyggje sjukdom og/eller meistre helseutfordringar. Du treng ikkje ha ein diagnose eller tilvising frå lege for å delta.

Det er stor pågang på friskliv-kurs. Vi oppmodar difor alle som melder seg på om å delta på alle kurssamlingane, så langt det let seg gjere.

Kva kostar det?

Dei fleste kursa våre er gratis, med nokre få unntak.

Det er ein eigendel på 500 kroner for vaksenkurset i livsstilsendring og meistring.

For fallførebyggande grupper gjeld takst for eigendel sett av Helfo.

Kva seier tidlegare deltakarar?

«Kurset har vore ei påminning, eit spark bak i høve til å fokusere på det friske. Akseptere den nye kvardagen, og likevel være aktiv innanfor dei nye rammene».

«Eg har i løpet av kurset fått nyttige verktøy, spesielt vil eg trekkje frem det som går på verdiar, og på å endre åtferd. Eg er blitt meir bevisst på kor viktig det er å sette grenser».

«Eg har begynt å trene regelmessig, og føler at eg har nådd målet om å komme inn i gode treningsrutinar. Kurset har verkeleg våre eit spark bak, og eg er mykje meir aktiv no samanlikna med tidlegare».

Lurar du på noko?

Har du spørsmål til kursa eller lurar du på om det kan passe for deg?

Ta kontakt med oss på telefon: 40 91 04 88, eller
e- post: frisklivogmeistring@alver.kommune.no.


Kurstilbod hausten 2024

Kreftrehabilitering

Kreftrehabilitering er ei treningsgruppe for deg som har, eller har hatt kreftsjukdom. 

Treningsgruppa er eit tilbod der du kan kome saman med andre i same situasjon for å trene. Kvar treningsøkt blir avslutta med ei sosial samling med kaffe og te. Her vil vi leggje til rette for gode rammer for samtale og erfaringsutveksling. 

Målet med treningsgruppa er å fremje meistringsfølelse og trua på eit godt liv, samt lindre seineffektar etter kreftsjukdom og behandling gjennom trening og avspenning. Kurset tar utgangspunkt i trappetrinnsmodellen, og vi vil leggje til rette for kvar enkelt kursdeltakar. Vi vil ha fokus på ulike tema som til dømes: pust, trafikklysmodell, fysisk aktivitet, kvardagsglede, energibalanse, kvilestrategiar, stress og eigentid. 

I etterkant av at du har meldt di interesse vil du få tilsendt eit kartleggingsskjema innan 1 – 2 veker. Det er viktig at fyller ut dette for å fullføre registreringa di. 

Kva kostar det?

Du betaler vanlig eigenandel for fysioterapi/gruppetrening (HELFO). Dersom du ikkje kan møte på ein time, må du gje beskjed innan 24 timar før for å unngå å måtte betale. 

Når er kurset?

Kurset vil finne stad i Knarvik 

Onsdag formiddag (før lunsj) 

Trykk her for å melde interesse

Løpande påmelding.

Lurar du på noko?

Ta kontakt med oss på telefon 40 91 04 88, eller
e-post frisklivogmeistring@alver.kommune.no.

LEV (livsstils- og sjukdomsmeistringskurs for vaksne)

Kurset skal lære deg korleis du meistrar sjukdom og belastningar gjennom endring av levevaner, til dømes ved å balansere kvardagens gjeremål, ete sunnare og vere meir fysisk aktiv.

Kurset baserer seg på helsedirektoratet sine anbefalingar, og er ei kursrekke der kvar kurskveld bygger på kunnskap frå ein tidlegare kurskveld.

Du betalar 500 kr for å delta på kurset, men vanleg eigenandel (HELFO takst) for obligatorisk kartleggingssamtale. Kartleggingssamtale vil vere i forkant og etterkant av kurset.

Vi tilrår at du følgjer heile kursrekka frå start til slutt. Kurset går på ettermiddags- og kveldstid.

Planlagte kursdatoar for hausten 2024:

  • Onsdag 18. september, klokka 16.00-19.00
  • Onsdag 2. oktober, klokka 16.00-19.00
  • Onsdag 16. oktober, klokka 16.00-19.00
  • Onsdag 30. oktober, klokka 16.00-19.00
  • Onsdag 13. november, klokka 16.00-19.00
  • Onsdag 27. november, klokka 16.00-19.00

Trykk her for å melde deg på.

Påmeldingsfrist: 20. august, 2024. 

Ta kontakt med oss på telefon 40 91 04 88, eller
e-post frisklivogmeistring@alver.kommune.no

Vanar for livet - eit familievenleg livsstilskurs

Vanar for livet er eit nytt familiebasert livsstilskurs med eit helsefremjande og førebyggjande fokus. Hausten 2024 vil vi halde kurs for foreldre, og målet er å fremje gode val og levevaner gjennom undervisning, samtale og erfaringsutveksling med andre familiar.

Dette kurset passar for deg som:

  • Vil bli meir bevisst og ta gode val i kvardagen – for heile familien.
  • Er forelder/føresett til barn/ungdom med overvekt.
  • Ønsker å betre kosthald og fysisk aktivitet.
  • Ser verdien av å gjere endringar saman med andre.

Vanar for livet baserer seg på Helsedirektoratet sine anbefalingar og passar for familiar med barn i alle aldrar. Kurskveldane har ulike tema og ein vil i løpet av perioden få undervisning frå ei tverrfagleg samansett gruppe.

Kurset har 4 samlingar på 2 timar og blir halde i Knarvik, på Region Nordhordland Helsehus.

Trykk her for å melde deg på.

Har du spørsmål?

Ta kontakt på e-post frisklivogmeistring@alver.kommune.no eller telefon 40 91 04 88.

Ny start

Friskliv og Meistring tilbyr saman med JobbMot ein Ny Start for deg mellom 15 og 25 år, som står utanfor jobb eller skule.

Dette tilbodet er interkommunalt. Det vil seie at alle innbyggjarar i heile Nordhordland kan delta.

Oppstart er januar/februar 2025.

Me vil treffast på Region Nordhordland Helsehus i Knarvik ein gong i veka.

Du betalar ingenting for å delta på kurset, men vanleg eigenandel (HELFO takst) for obligatorisk kartleggingssamtale. Kartleggingssamtale vil vere i forkant og i etterkant av kurset.

Meir informasjon kjem i løpet av hausten.

Trykk her for å melde di interesse

Ta kontakt med oss på telefon: 40 91 04 88, eller
e-post: frisklivogmeistring@alver.kommune.no

Digitalt kurs i tankevirus - meir informasjon kjem
Digitalt søvnkurs - oppstart av nytt kurs er utsett til hausten
Digitalt kurs i tobakkslutt

Friskliv og Meistring tilbyr kurs for deg som ynskjer å slutte med røyk og snus. Mange klarar å slutte på eiga hand, men det er dokumentert at støtte og rettleiing øker sjansen for å klare det.

Hausten 2024 har vi digitalt  interkommunalt røykesluttkurs på teams, ope for alle i Vestland fylke. Kurset har ingen kursavgift.

Nokre tema vi skal innom:

  • Korleis brukar du tobakk?
  • Korleis planlegg du å slutte?
  • Kva hindrar deg?
  • Bruk av tobakk - vane og avhengighet
  • Legemiddel og elektroniske hjelpemiddel
  • Å øve på å utsette, avlyse og erstatte tobakken
  • Glipp og sprekk
  • Vekt og matgevinstar
  • Kanskje sette en dato?
  • Planlegge ditt slutte-prosjekt

Planlagt oppstart er oktober 2024.

Informasjon om påmelding kjem.  


Sist oppdatert: 07.06.2024
Publisert: 20.07.2020