Svangerskapsomsorg
Kontaktinformasjon
-
-
Helsestasjonen brukar helsenorge.no til å kommunisere med brukarane. Dette er ein enkel og sikker måte å kommunisere på.
-
Via helsenorge.no kan du be om timeavtalar, avbestille avtalar og sende meldingar på ein trygg og enkel måte. Her finn du også mykje nyttig informasjon om helse og innhaldet i tenestene.
-
Du loggar deg på helsenorge.no ved bruk av elektronisk id som til dømes bank-id. Bruk av appen til helsenorge anbefalast.
-
Dersom du ikkje ynskjer å benytte helsenorge.no, kan du ta kontakt med helsestasjonen på e-post eller telefon:
-
- Telefon ekspedisjon: 56 37 50 74
Telefontid er kvardagar frå 08.15 - 11.00 og 13.00 - 14.00. - E-post: helsestasjonen@alver.kommune.no Hugs å informere om adresse, telefonnummer og fødselsnummer i e-posten.
Til deg som er gravid
Jordmortenesta
Jordmor har oppfølging av mor og barn inntil 5 -7 dagar etter fødselen. Vi vil ta kontakt på føremiddagen, fyrste virkedag etter heimkomst frå sjukehuset.
Vi følger opp barnet med nyfødtscreening, hørselstest, sjekkar gulsott og tar vektkontroll. Vi gjev ammerettleiing og individuell tilpassa oppfølging til mor og barn, i tråd med nasjonale retningslinjer.
Vi samarbeider tett med helsesjukepleiar i Alver kommune og frå og med dag 8 vil helsesjukepleiar følgje opp barnet ditt vidare. Ho tek kontakt med deg og vil avtale heimebesøk i løpet av dei 10 -14 fyrste dagane etter heimkomst.
Ring jordmor som har følgt deg i svangerskapet om du ikkje høyrer frå oss, eller det oppstår eit problem som ikkje kan vente til neste dag. Ved akutt sjukdom hjå mor eller barn, ring Legevakt 116117 eller AMK 113.
Jordmødre
- Sylvia Helland Alver
E-post: sylvia.helland.alver@alver.kommune.no - Kathrine Aven Sætre
E-post: kathrine.aven.setre@alver.kommune.no - Lisbeth Øren Austgulen
E-post: lisbethoren.austgulen@alver.kommune.no - Mari Haaland Sagstad
E-post: mari.haaland.sagstad@alver.kommune.no - Randi Hammer Boge
E-post: randi.hammer.boge@alver.kommune.no - Silje Golten Eikevik
E-post: silje.golten.eikevik@alver.kommune.no
Rettleiande program for svangerskapsomsorga
Veke | Jordmor/lege | Kva? |
6-12 | Jordmor | Livsstilssamtale, helsekort |
9 (8-12) | Lege | Helsekort, rekvisisjon blodprøvar og ultralyd |
17-19 | Kvinneklinikken | Ultralyd på Kvinneklinikken |
23 | Jordmor | Amming |
28 | Lege | |
32 | Jordmor | |
36 | Jordmor | Fødselssamtale |
38 | Lege | |
40 | Jordmor | |
41 | Kvinneklinikken | Vurdering på Kvinneklinikken i veke 41 avtalast hjå jordmor i veke 40. |
Ammerettleiing
Helsestasjonane i Alver kommune er godkjende som ammekyndige helsestasjonar.
Jordmødrene gjev ammeførebuande informasjon under svangerskapet. Etter fødsel vil alle helsesjukepleiarane og jordmødrene kunne tilby ammerettleiing. Vi føl faglege retningslinjer frå Nasjonal kompetanseteneste for amming. Vi tilbyr også ammekurs.
- Informasjon om amming på helsenorge.no
- Ammehjelpen
- Video som viser korleis ein koplar barnet til brystet
Kikhostevaksinering av gravide
Frå 1.mai er innført eit tilbod om gratis kikhostevaksine til alle gravide, for å beskytte det ufødte barnet. Dette gjeld frå svangerskapsveke 24. Tilbodet som vert gitt er ein kombinasjonsvaksine mot difteri, stivkrampe og kikhoste. Gravide som går til oppfølging hjå jordmor vil få denne på neste ordinære kontroll. Gravide som ikkje går til oppfølging av jordmor i kommunen kan ta kontakt med helsestasjonen for avtale. Det er anbefalt ein vaksine ved kvart svangerskap slik at barnet er best beskytta dei 3 første månande etter fødsel. Du vil derfor få tilbod om vaksine sjølv om du har tatt den kort tid før du vart gravid. Les gjerne på informasjonsidene frå FHI – sjå lenke under.
infoark-nynorsk-kikhostevaksine-gravide.pdf (fhi.no)
infoark-engelsk-kikhostevaksine-gravide.pdf (fhi.no)
infoark-litauisk-kikhostevaksine-gravide.pdf (fhi.no)
infoark-polsk-kikhostevaksine-gravide.pdf (fhi.no)
Teieplikt og tverrfagleg samarbeid
Jordmødre og helsesjukepleiarar har alltid teieplikt. I nokre tilfelle kan vi likevel ha behov for å drøfte situasjonen din med fagpersonar som ikkje jobbar på helsestasjonen. Vi gjer berre dette i samråd med deg og dersom du gir oss lov til det.
Nyttige lenkjer og brosjyrar
- Les meir på sida til Helse Bergen om kva du må ha med deg på sjukehuset når du skal føde og kva som kan vere lurt å ha med.
- Få kunnskap og tryggleik under graviditeten, og som nybakt mor. Prøv dette nettbaserte sjølvhjelpsprogrammet "Mamma Mia". For gravide mellom veke 21-25.
- www.helsenorge.no/gravid
- www.matportalen.no - kostråd til gravide
- www.Helse-Bergen.no
- Informasjon om levevaner i svangerskapet
- Alkohol og graviditet
- Barselomsorg i Alver kommune
- Til deg som er gravid