Vald og overgrep

Er du sjølv utsett for vald eller overgrep?

Det finst fleire du kan ta kontakt med om du treng hjelp:

  • Vi har avtale med krisesenteret i Bergen.
  • Bergen Legevakt har eit døgnope mottak for valdtektsofre.

Kontaktinformasjon: 

  • Krisesenteret i Bergen: Ring 55 31 50 50
  • Valdtektsmottaket til Bergen legevakt: Ring 55 55 99 50
  • Telefon for incest- og seksuelt misbrukte og deira pårørande: Ring 800 57 000
  • SMISO Hordaland: Ring 55 90 49 90

Kva kostar det?

Tilboda er gratis.

Krisesentertilbodet i kommunen

Krisesenteret er eit tilbod til deg som er utsett for vald eller overgrep frå ein partnar, familie eller andre du har eit nært forhald til. Informasjon på andre språk finn du her: Languages - Dinutvei.no

Krisesenteret for vår kommune er Krisesenter for Bergen og omegn.

Trykk her for informasjon om krisesenteret

Du treng ikkje å vere i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Senteret tilbyr:

  • Ein trygg, mellombels stad å bu – eller dagtilbod om du heller vil
  • Beskyttelse, sikkerheit, råd og rettleiing

Absolutt alle kan kontakte krisesenteret, når som helst, uansett kjønn og alder. Du kan også ta med barna dine på krisesenteret.

  • Krisesenteret har døgnopen vakttelefon
  • Det er gratis å få hjelp og gratis å bu på krisesenteret
  • Du treng ingen tilvising eller timeavtale for å kontakte senteret


Kontaktinformasjon til krisesenter:

Krisesenter for Bergen og omegn
Døgnåpent telefonnummer: 55 31 50 50
E-postadresse: krisesenteret@bergen.kommune.no
Nettside: Krisesenter for Bergen og omegn


Meir informasjon om nasjonale hjelpetilbod finn du her:

Valdtektsmottaket ved Bergen legevakt

Tilbyr:

  • medisinsk undersøking og informasjon
  • rettsmedisinsk undersøking og innsamling av bevismateriale
  • støttesamtalar og kriserettleiing
  • ein trygg stad å overnatte
  • kontakt med bistandsadvokat - alle som har vore utsett for seksuelle overgrep har rett til gratis advokathjelp
  • deltaking i samtalegruppe

Valdtektsmottaket er et tilbod til både kvinner og menn som har vore utsett for seksuelle overgrep.

Barn under 15 år som har vore utsett for seksuelle overgrep, blir vist til Barneklinikken på Haukeland sjukehus for nødvendige undersøkingar og hjelp.

Trykk her for å lese meir

Telefon for incest- og seksuelt misbrukte og deira pårørande
  • er eit døgnopent tilbod til born og unge, kvinner og menn som har vore utsett for seksuelle overgrep
  • pårørande til seksuelt misbrukte kan også nytte tilbodet

Trykk her for å lese meir

Kompetansesenter mot seksuelle overgrep
  • er eit tilbod til ungdom, kvinner og menn som har opplevd seksuelle overgrep.
  • tilbyr hjelp til sjølvhjelp, råd og rettleiing
  • du treng inga tilvising
  • har tilbod til pårørande

Trykk her for å lese meir

Rettleiar til fornærma i straffesaker

Overgrep.no har utarbeida ein vegleiar til fornærma i straffesaker.

Trykk her for å opne rettleiar til fornærma

Akuttberedskap i barnevernstenesta

Ved akutt behov for hjelp frå barnevernstenesta kan du ringe: 45 37 56 69.

Vakttelefonen er open frå kl. 15.35 – 08.00 kvardagar og døgnopen i helgar.

Kontakt til denne telefonen skal kun nyttas for situasjonar som krev akutt inngripen. For øvrig kontakt skal barneverntenesta kontaktast i vanleg opningstid kl. 08.00 – 15.30.

Trykk her for kontaktinformasjon på dagtid

Du vil møte ein kvalifisert tilsett frå barnevernstenesta når du ringer. Vi gjer merksam på at det er ein sovande vakt som svarar deg på nattetid.

Telefonen kan nyttast i situasjonar kor born og unge er i ein situasjon kor det er behov for akutt hjelp frå barnevernstenesta. Døme:

  • Born og unge som er i akutt behov for beskyttelse
  • Born og unge som står utan omsorg


Når du tek kontakt vil følgjande bli vurdert:

  • Om situasjonen kan avhjelpast ved råd og rettleiing
  • Om situasjonen er akutt og hjelp må setjast i verk

Beredskapen gjeld for innbyggjarar i Alver, Austrheim, Fedje, Gulen og Masfjorden kommune.

Er du bekymra for at eit barn er utsett for vald eller overgrep?

Konsultasjonsteamet om vald og overgrep

Konsultasjonsteamet er ei tverretatleg og tverrfagleg samansett gruppe som gjev råd, rettleiing og konsultasjon til offentleg tilsette og privatpersonar som har bekymring for vald og overgrep mot barn og unge.

I teamet får ein hjelp til å fortolke åtferd og utsegn hjå barn som vekker bekymring, råd og rettleiing om korleis de skal få avklart situasjonen og kva de skal gjere vidare. Teamet i Alver består av representantar frå helsestasjonen, skulehelsetenesta, PPT, barnevernstenesta, BUP, og politi.

Teamet kan og gje råd om korleis ein kan gjennomføre ein samtale med eit barn, og kan ved behov hjelpe til å formulere bekymringsmelding til barnevernet. Teamet skal støtte den som kjem med bekymringa og skal ikkje ta over saka.
Alle saker til teamet skal vere anonyme når du presenterer saka. Legg att namn og nummer ved e-postkontakt og så vil koordinator for teamet ringe deg opp att. Husk at personsensitive opplysningar ikkje skal sendast på e-post.

MERK: Har du ei akutt bekymring - ta kontakt med barnevernstenesta

Kven kan ta kontakt med teamet?

Personar som gjennom sitt arbeid eller på anna måte har ei bekymring for at eit barn kanskje vert utsett for seksuelle overgrep eller vald. Kontakt konsultasjonsteamet på førehand for å få tildelt møtetid.

Kontakt oss

Ring koordinator Anne-Lise Albertsen på tlf 56 37 50 82, eller eitt av dei andre teammedlemmane: 

  • Anne-Lise Albertsen (koordinator for konsultasjonsteamet/ samarbeids- og nettverkskontakt i barnevernstenesta)
    Tlf: 56 37 55 30 (direkte)/ 56 37 50 82 (sentral)
  • Jimmy Amundsen (sakshandsamar i barnevernstenesta)
    Tlf: 56 37 54 84 (direkte)/ 56 37 50 82 (sentral)
  • Siv Tveit Mjelstad (helsesjukepleiar)
    Tlf: 46 28 06 63
  • Jannicke Helland (fagansvarleg helsesjukepleiar)
    Tlf: 40 90 76 41
  • Ranveig Olsen (psykolog i BUP Nordhordland)
    Tlf: 56 34 33 00 (sentral)
  • Ole Kristoffer Tveiten (politikontakt v/ Nordhordland lensmannskontor)
    Tlf: 56 35 56 70
  • Geirunn Valdersnes (PPT Fensfjorden)
    Tlf: 56 16 20 00 / 96 62 56 65

Du kan og sende e-post til: konsultasjonsteamet@alver.kommune.no

Møtedatoar i teamet 2. halvår 2023: 

  • Torsdag 7. september kl. 12–15
  • Torsdag 5. oktober kl. 9–12
  • Torsdag 2. november kl. 9–12
  • Tysdag 5. desember kl. 12–15

Møta finn stad i helsehuset 6. etg om ikkje anna er avtalt. Vi nyttar Teams ved behov.

Konsultasjonsteamet samarbeider med Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest).

Trykk her for meir informasjon om RVTS Vest

Alarmtelefonen for barn og unge

Alarmtelefonen er ei gratis teneste for barn og unge som er utsett for vald, overgrep og omsorgssvikt. Tilbodet er døgnope, og ein kan ta kontakt på telefon og chat, i tillegg til sms og e-post. Vaksne som er bekymra for barn og unge kan og ta kontakt.

Trykk her for å komme til alarmetelefonen for barn og unge

Din vei ut

Dinveiut.no er ein nasjonal vegvisar til hjelpetilbod, informasjon og kunnskap om vald i nære relasjonar. Ein kan og stille spørsmål om alt ein lurer på om desse temaene.

Trykk her for å komme til dinveiut.no

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar

Trykk her for å lese Alver kommune sin handlingsplan mot vald i nære relasjonar.

Handlingskort

Handlingskorta skal bidra til at alle tilsette og innbyggjarar skal våge å sjå, våge å spørje og ha mot til å handle slik at vald og overgrep opphøyrer. Dei gir deg konkrete råd til kva du bør sjå etter, kva du bør spørje om, kva du bør gjere og kven du kan kontakte. 

Trykk her for handlingskort for barn.

Trykk her for handlingskort for ungdom.

Trykk her for handlingskort for vaksne.


Sist oppdatert: 04.12.2023
Publisert: 29.06.2018