HjemHelse, sosial og omsorgHukommelsesteamet

Hukommelsesteamet

Kven er vi? 

Hukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod som består av sjukepleiarar. Teamet samarbeider med forvaltninga, fastlegar og anna helsepersonell i kommunen.

Kva kan vi tilby?
  • Kartleggings- og utredningssamtale med pasient og pårørande
  • Hjelpemiddel som støttar hukommelse og bidreg til auka tryggleik
  • Henvisning til helsetilbod i kommunen
  • Rettleiing av pårørande og helsepersonell
  • Gi oversikt over tenestetilbod frå pleie og omsorg

Hukommelsesteamet kjem på heimebesøk etter avtale med pasient og pårørande.

Kvifor kartlegge hukommelsen? 
  • For å utrede eventuell demenssjukdom
  • For å utelukke andre sjukdommar som har demensliknande symptom
  • For vurdering av medisin
  • For å kunne legge til rette heimesituasjonen
  • For å kunne igangsettje tiltak til rett tid
Kontakt oss 

Du treng ikkje å søkje eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Dersom du har problem med hukommelsen eller er pårørande til nokon med kognitiv svikt, kan du ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Legar og anna helsepersonell kan også ta kontakt.

Telefon: 94 50 72 37
Telefonen vert besvart kvar tirsdag og annakvar torsdag (partallsveker)
E-post: hukommelsesteamet@alver.kommune.no

Brosjyre 

Trykk her for å sjå vår brosjyre


Sist oppdatert: 31.10.2022
Publisert: 22.11.2021