HeimHelse, sosial og omsorgIndividuell plan og koordinator

Individuell plan og koordinator

Slik søkjer du om individuell plan

  1. Trykk her for å laste ned søknadsskjema for individuell plan og koordinator
  2. I søknaden må du skildre behovet ditt for individuell plan og koordinator.
  3. Det er du som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal skrive under søknaden.
  4. Send søknad med eventuelle vedlegg til:

Kva skjer vidare med søknaden din?

Forvaltningskontoret vil handsame søknaden så snart det er mogleg. Dersom du fyller vilkåra for individuell plan eller koordinator vil forvaltningskontoret ta stilling til kva tenesteområde som skal få ansvar for å oppnemne ein koordinator.

Dersom vi ikkje kan gi deg eit endeleg svar innan ein månad, skal du få skriftleg melding om grunnen til det og når du kan vente eit endeleg svar.

Kva er ein nettbasert individuell plan?

Alver kommune har valt å ta i bruk eit digitalt verktøy til individuell plan.

Deltakarane som samarbeider om planen, kan logge seg inn i verktøyet på internett, lese planen og bidra til planarbeidet. Du som eig planen skal i lag med koordinator avklare kven andre som får tilgang til planen din.

Når planen er sett i verk, vil dei som skal ha tilgang til planen få tildelt brukarnamn og passord.

Kontakt oss

Systemkoordinator for koordinerande eining er organisert under forvaltningskontoret.

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak, eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 19.05.2020
Publisert: 19.05.2020