Kjernejournal

Kjernejournal er ei elektronisk teneste som inneheld viktige opplysningar om helsa di. Både du og helsepersonell har tilgang til kjernejournalen din.

Kjernejournal erstattar ikkje journalar du har hos fastlege eller på sjukehus, men eit viktig bidrag særleg i akuttsituasjonar kor det hastar å finne informasjon om helsetilstanden din.

Kjernejournalen gir helsepersonell rask tilgang til utvalde og viktige helseopplysningar om deg, uavhengig av kvar du vert behandla.

Korleis blir ein kjernejournal oppretta?

Kjernejournal blir automatisk oppretta i kommunane i heile landet, og Alver er ein av kommunane som har tatt det i bruk. Viss du ikkje har aktivt reservert deg, har du ein slik kjernejournal.

Du kan og sjølv leggje til opplysningar i kjernejournalen din. Du kan logge deg inn ved hjelp av elektronisk ID, til dømes Bank ID.

Kven har tilgang til kjernejournalen din?

Berre helsepersonell som behandlar deg, kan logge inn i kjernejournalen din frå sitt journalsystem.

Vil du avgrense tilgangen til kjernejournal din?

Du kan avgrense tilgangen til din kjernejournal på nettsida til Direktoratet for e-helse, helsenorge.no.

Du kan hindre innsyn på to ulike måtar:

  1. Du kan avgrense tilgang til heile eller delar av kjernejournalen din for alle helsepersonell. Då kan helsepersonell berre opne journalen din i ein akuttsituasjon, eller med ditt samtykke.
  2. Du kan blokkere utvalde helsepersonell mot innsyn i din kjernejournal.

Trykk her for å lese meir om korleis du kan bestemme bruken av din kjernejournal

Meir informasjon om kjernejournal

Trykk her for å lese meir om kjernejournal på nettsida til Direktoratet for e-helse

Dersom du ikkje finn svara du treng på nettsida helsenorge.no kan du be fastlegen din om meir informasjon.


Sist oppdatert: 29.05.2020
Publisert: 29.05.2020