Forureining – hald av dyr

Krav

Reglane om at det ikkje er lov å påføre andre helseproblem står i forskrift om miljøretta helsevern, og det er § 7 og § 9 som er mest aktuelle. Dersom dyrehaldet fører til problem med skadedyr står det om dette i forskrift om skadedyrbekjempelse, og det er kapittel 2 som er mest aktuelt. Dersom dyrehaldet fører til forureining eller forsøpling som er til ulempe for miljøet står det om dette i forurensningsloven, og det er §§ 6, 7 og 28 som er mest aktuelle.

Når kan eg klage?

Du kan klage dersom dyrehaldet fører til ulemper for omgjevnaden som nemnt ovanfor. Vi tilrår at du først forsøker å ta opp saka med dyreeigar og prøver å finne ei løysning. Dersom du vil klage må du sende ei skriftleg klage til oss, per e-post eller post. Bruke post dersom klaga inneheld personlege opplysningar. Du kan også ringe oss for å drøfte forholdet først.

Kva kan eg klage på?

Døme på kva du kan klage på:
  • Støy, for eksempel frå høns, duer eller hundar.
  • Avføring, for eksempel frå ekstremt mange utekattar.
  • Lukt, både frå dyr som haldast utandørs i bur eller innhegningar, og dyr innandørs i leilegheit eller fleirmannsbustader.
  • Skadedyr, for eksempel at rotter får tak i dyra sin mat, eller insekt tiltrekkast av dyra si avføring.
  • Avfall, til dømes at dyra sitt strø eller anna avfall oppbevarast utandørs.
Desse klagane behandlar vi ikkje:

Bekymringsmelding om dyrevelferd, rettes til Mattilsynet. Miljøretta helsevern behandlar klager som fører til vesentlege helse- eller forureiningsproblemet. Vi behandlar vanlegvis ikkje klager på vegne av andre, eller brot på ordensreglar i burettslag. Dette reguleras av burettslagslova.

Korleis kan eg klage?

Vi ønskjer skriftlege klager, enten brev eller e-post, men du kan også ringe oss. Ikkje bruk e-post dersom klaga inneheld sensitive personopplysningar. Du som klagar har i utgangspunktet ikkje rett til å vere anonym, med mindre du har sakleg grunn for å vere det. Kontakt oss dersom du har spørsmål rundt dette.

Kva skjer med klagen min? 

  • Når vi mottek klaga vurderer vi først om saka fell inn under vårt ansvarsområde.
  • Dersom vi behandlar saka tar vi først kontakt med dyreeigar for å komme og sjå på dyrehaldet. Dei fleste saker løyser seg med dialog, men vi kan stille krav til at forhold som fører til helse- eller forureiningsproblem vert retta opp. Da fattar vi enkeltvedtak i tråd med forvaltningslova.
  • Du som klagar vil få eit svar innan tre veker om kva vi gjer med saka.

Kontakt

Hovudsida Miljøretta helsevern

Trykk her for å komme til hovudsida til Miljøretta helsevern

 


Sist oppdatert: 16.09.2020
Publisert: 15.11.2019