NAV Alver

Viktig informasjon i samband med koronaepidemien

Vi hjelper deg helst på telefon eller digitalt.

Vi har ope for timeavtalar.

Vi har ope drop-in for krisehjelp.

Drop-in på Frekhaug: Måndag, tysdag, torsdag og fredag frå klokka 12.00 til 13.00 (stengt onsdag) i kommunehuset på Frekhaug, Havnevegen 41.

Ring 458 39 243 for spørsmål om sosialhjelp eller gjeldsrådgjeving. Telefonen er open frå klokka 10.00 til 15.00.

Ring 55 55 33 33 eller bruk Ditt NAV for kontakt og hjelp.

Ring 458 32 926 for hjelp av flykningtenesta. Telefonen er open frå klokka 10.00 til 15.00.

Ring 55 55 33 36 for hjelp til arbeidsgjevarar.

Skal du levere post til NAV?

Knarvik: NAV sin postkasse i 1. etg i Kvernhushaugane 2. Norbobygget.

Manger: Postkasse utanfor Innbyggjarservice/kommunehuset.

Frekhaug: Postkasse utanfor rådhuset ved utgang mot Kiwi.

Er du arbeidsgjevar?

Trykk her for viktig informasjon til arbeidsgjevarar vedrørande permitteringar/oppseiingar

 

Om NAV Alver

NAV Alver har to publikumsmottak:

  • NAV Knarvik, lokalisert i Knarvik senter, Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø
  • NAV Frekhaug, lokalisert i kommunehuset, Havnevegen 41A, 5918 Frekhaug

Kontakt NAV

Opningstider

Opningstider når du har timeavtale: klokka 08.30 – 15.00 alle kvardagar.

Drop-in på Frekhaug: Måndag, tysdag, torsdag og fredag klokka 12.00 –13.00 (stengt onsdag) i kommunehuset på Frekhaug/Havnevegen 41.

Økonomisk sosialhjelp

Om ein kjem opp i ein situasjon der ein treng økonomisk hjelp, kan det vere at ein har rett på økonomiske ytingar frå det offentlege.

Det kan vere:

  • Økonomisk yting frå kommunen
  • Råd og rettleiing, eller hjelp i form av bustønad til høge buutgifter

Søknaden må dokumenterast. I søknadsskjemaet finn du informasjon om kva dokumentasjon NAV treng for å handsame søknaden din.

No kan du søkje om sosialhjelp digitalt

Du kan no søkje om sosialhjelp digitalt i vår kommune. Den nye løysinga gjer at du kan søkje heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.
For å søkje sosialhjelp digitalt, må du logge deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med Bank-id eller andre sikkerhetsløysingar som Buypass eller Commfides.

Digitalt søknadsskjema om sosialhjelp finn du her

Vakttelefon

Ring telefon 458 39 243 for spørsmål om sosialhjelp eller gjeldsrådgjeving - open klokka 10.00–15.00

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 eller vakttelefon sosial NAV Alver på 45 83 92 43 og få rettleiing over telefon. Viss du av ulike årsakar ikkje kan eller ynskjer å nytte deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du fortsatt søkje på papir og sende eller levere i postkasse.

Søknadsskjema økonomisk sosialhjelp

Søknad om økonomisk sosialhjelp sendast/leverast til NAV Alver. 
Postadresse: Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø.

Mer informasjon

På menyen på nav.no under sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp finner du meir informasjon. Veiviser økonomisk sosialhjelp nav.no

Gjeldsrådgjeving

NAV Alver tilbyr økonomisk rådgjeving til dei som har betalingsvanskar eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan innebere hjelp med å sette opp budsjett eller bistå deg i gjeldssaker overfor kreditorar. 

Du kan bestille time hjå gjeldsrådgjevar. Dette tilbodet er gratis. Ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33 eller send beskjed via ditt NAV på www.nav.no.

Du kan få råd og rettleiing ved å ringe den landsdekkjande telefonen 800 45 353 for økonomisk rådgjeving, eller du kan chatte med NAV om spørsmål knytt til budsjett, økonomi og gjeldsrådgjeving.

Chat med NAV gjeldsrådgjeving

Søknad om økonomisk gjeldsrådgjeving

Trykk her for å laste ned fullmakt ved økonomisk rådgjeving

Trykk her for råd frå NAV Alver sitt gjeldsrådgjevarteam

Mellombels bustad

NAV skal hjelpe deg med å finne eit mellombels butilbod viss du heilt akutt ikkje har ein stad å sove og opphalde deg neste døgn. Vi rår deg til å møte opp på NAV Alver dersom dette gjeld deg.

Meir informasjon kan du lese her.

Flyktningetenesta

Introduksjonsprogram for nyankomne flyktningar

Kven er tilbodet for?

Flyktningar som blir busett i Alver kommune etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet. Flyktningar som kjem til kommunen utan avtale, har ikkje rett til å delta i introduksjonsprogrammet eller få introduksjonsstønad.

Korleis får du tilbodet?

Flyktningtenesta ved NAV Alver hjelper med busetting, råd, rettleiing, inntak og deltaking i introduksjonsprogrammet.

Trykk her for å lese meir om introduksjonsprogrammet på heimesida til IMDI.

Kva tilbyr vi?

Når du blir busett i Alver kommune, lagar vi ein individuell plan for introduksjonsprogrammet ditt. Planen byggjer på ønska dine og på den kompetansen og arbeidserfaringa du har.

Gjennom programmet får du lære norsk, du får kunnskap om det norske samfunnet og prøve deg i arbeidslivet. Å delta i programmet tar tida til ei vanleg arbeidsveke. Programmet kan vare i to år, og du får økonomisk støtte i heile denne perioden.

Målet med introduksjonsprogrammet er å hjelpe deg, slik at du kan klare deg sjølv økonomisk ved å arbeide eller med studielån dersom du har bruk for meir utdanning.

Dette får du:

  • tett oppfølging
  • praktisk opplæring i norsk språk og samfunn
  • hjelp til å starte utdanning eller komme i arbeid
  • økonomisk støtte tilsvarande to gongar grunnbeløpet til Folketrygden

Trykk her for å lese om grunnbeløpet til Folketrygden

Har du spørsmål om introduksjonsprogrammet og busetting av flyktningar i Alver?

Ta kontakt med flyktningetenesta i NAV Alver 55 55 33 33.

Er du allereie ein del av programmet, skal du ha fått eigen kontaktinformasjon hjå oss.

Meir informasjon finn du på IMDI sine sider.

Vakttelefon

Ring telefon 458 32 926 for spørsmål om flyktningetenesta - open klokka 10.00–15.00

Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18-67 år som ynskjer å jobbe, men treng oppfølging for å klare det.

For meir informasjon kan du lese her, eller ta kontakt med NAV Alver på telefon 55 55 33 33.

Trykk her for søknadsskjema kvalifiseringsprogrammet

På heimesida til NAV finn du informasjon om ledige stillingar, vegvisar til informasjon som er tilpassa deg og din situasjon. Her finn du og informasjon om søknad og søknadsskjema.

Opplysning, råd og rettleiing

Du har rett til å få opplysning, råd og rettleiing frå NAV som kan bidra til å løyse eller førebygge sosiale problem.

All informasjon om opplysning, råd og rettleiing finn du her.

Aktiviteten

Dersom du er utan skuleplass, lærlingplass eller arbeid kan du registrere deg som arbeidssøkjar på nav.no.

Slik søkjer du

Du søkjer via NAV si heimeside her.

Kva skjer vidare?

Du vil då bli kalla inn til ein samtale med ein ungdomsrettleiar. Saman finn de ut kva du treng hjelp til for å kome deg vidare enten på skule eller i arbeid. Om du treng hjelp til å skrive søknader, CV, eller til å finne bedrifter du kan søke jobb hos, kan du få dette på Aktiviteten.

Kva får du?

To dagar i veka møtast unge vaksne på Aktiviteten saman med to rettleiarar frå NAV. Dagen startar med frukost og etterpå er det moglegheit for å få hjelp til søknader og liknande, eller du kan få ein samtale med ein av rettleiarane om du ønskjer det.  

Inkluderingsdugnaden

Inkluderingsdugnaden er eit felles samfunnsoppdrag for å få fleire i jobb.

Ta kontakt med NAV dersom verksemda di treng bistand i rekrutterings- og inkluderingsarbeidet.

Trykk her for meir informasjon frå NAV om dette

Trykk her for å sjå kampanjefilmen


Sist oppdatert: 09.09.2020
Publisert: 09.09.2020