Parkeringsløyve
Slik søkjer du om, eller fornyar du parkeringsløyve
- I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngi kvifor du søkjer, dette gjeld og ved fornying av parkeringsløyve.
- Ei legeerklæring må leggjast ved søknaden. Ved fornying av parkeringsløyve er det nok med kopi av tidlegare legeerklæring, dersom den viser at du har vesentleg skade av livsvarig karakter.
- Legg ved eit passfoto. Skriv namnet ditt på baksida.
- Tykk her for søknadsskjema om parkeringsløyve
- Trykk her for legeerklæring til søknad om parkeringsløyve
- Trykk her for rettleiing til søknaden
- Send søknaden og vedlegga til:
-
- Alver kommune
Forvaltningskontoret
Postboks 4
5906 Frekhaug
Du kan sende e-post. Trykk her for å lese meir om korleis du sender sikker elektronisk post til kommunen.
- Alver kommune
- Dersom du har mista parkeringskortet må du melde det tapt til politiet. Send oss kopi av tapsmeldinga og eit nytt passfoto, så lager vi til nytt parkeringskort til deg.
Kva skjer vidare?
- Vi vurderer søknaden din.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
Kva får du?
Med parkeringsløyve kan du parkere på følgjande plassar:
- Reservert for rørslehemma merka med offentleg trafikkskilt.
- Kommunale parkeringsplassar utan å betale avgift.
- Inntil dobbel tid på tidsavgrensa parkering frå 30 minutt og oppover. Unntak når det er skilta med tidsavgrensa parkering for rørslehemma med parkeringsløyve.
- Stadar der det er innført bustadsoneparkering.
Krav til søkjar
Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstand.
Du må dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid eller ved regelmessige aktivtetar, for eksempel legebesøk
Kontakt oss
Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00
- Ring oss på 56 37 50 00
- Du kan sende e-post. Trykk her for å lese meir om korleis du sender sikker elektronisk post til kommunen.
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.
Slik klagar du
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.
Sist oppdatert:
04.09.2023
Publisert:
08.06.2018