Hjelpemiddel
Treng du hjelpemiddel?
Treng du hjelpemiddel på grunn av mellombels nedsett funksjonsevne, kan du ta kontakt med kommunen sitt hjelpemiddellager.
Har du eit varig behov for hjelpemiddel, tar du kontakt med ergoterapeut eller fysioterapeut i kommunen. Eit varig behov er eit behov i meir enn to år. Ergoterapeut eller fysioterapeut kan hjelpe deg med å søkje om varig lån av hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentral til NAV.
- Trykk her for søknadsskjema for ergoterapi
- Trykk her for søknadsskjema for fysioterapi
- Trykk her for å lese meir om korleis du søkjer hjelpemiddel på heimesida til NAV.
Slik søkjer du
Ta direkte kontakt med hjelpemiddellageret dersom du treng hjelpemiddel på kortvarig utlån.
Kontaktinformasjon finn du nedst på sida.
Kva kostar det?
Det er gratis å låne hjelpemiddel. Dersom du ikkje leverer tilbake utlånt hjelpemiddel frå kommunen innan avtalt tid, må du pårekna eit erstatningsgebyr.
Kva får du?
- Utlån av enkle hjelpemiddel i tre månader eller lenger etter avtale:
- toalettforhøyer
- armlene til toalett
- toalettstol
- dusjkrakk
- transportrullestol
- underarmsrullator
- rullator
- sengebord
- terskeleliminator
- kjøreskinne
- Dersom tilgjengeleg på lager:
- badekarbrett
- arbeidsstol
- Teknisk tilpassing og reparasjonar hjelpemiddel
- Flytte fastmonterte og større hjelpemiddel innvilga frå NAV hjelpemiddelsentral
- Retur hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral
Kontakt oss
Hjelpemiddellageret på Mjåtveit er kun bemanna etter avtale med hjelpemiddelteknikar (sjå kontaktinformasjon).
- Besøksadresse:
Hjelpemiddellager Alver kommune
Mjåtveitflaten 23
5918 Frekhaug - Postadresse:
Hjelpemiddellager Alver kommune
Postboks 4
5906 Frekhaug
E-post: hjelpemiddellageret@alver.kommune.no - Telefon: 40 91 26 85
Slik klagar du
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.