HjemHelse, sosial og omsorgOpplæring og rettleiing til pårørande

Opplæring og rettleiing til pårørande

Vi har ope kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.

Om tilbodet

Målet med opplæring og rettleiing frå den kommunale helse - og omsorgstenesta er å gi deg som pårørande støtte til å handtere og meistre rolla di som omsorgsytar. Vi gir dette tilbodet til den omsorgsmottakaren har ført opp som sin næraste pårørande.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post på vanleg måte.

Trykk her for å få meir informasjon om korleis du kan sende søknaden elektronisk på ein trygg måte.

Du kan også:

  • levere søknaden og vedlegga på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug eller Manger
  • sende søknaden med posten til Alver kommune, Forvaltningskontoret, Postboks 4, 5906 Frekhaug
Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadene etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva får du?
  • Pårørande får opplæring i særleg tyngande omsorgsoppgåver ut frå sine behov og ønske
  • Pårørande får støtte og hjelp til å handtere og meistre rolla som omsorgsytar
Krav til søkjar
  • Pårørande må ha behov for og ønske opplærings- eller rettleiingstiltak i utføringa av særleg tyngande omsorgsoppgåver, og ha evne og vilje til å ta imot og nyttiggjere seg tiltaka
  • Opplæring- eller rettleiingstiltak må setje den pårørande i stand til å ta i vare brukaren på ein forsvarleg måte
  • Opplæring og rettleiing som omfattar informasjon om omsorgsmottakaren som er underlagt teieplikt krev samtykke
  • Omsorgsmottakaren må bu heime og ønske omsorga frå den pårørande
Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.

Nyttige lenkjer

Under finn du lenker til Pårørendesenteret sitt landsdekkande tilbod for pårørarnde i alle aldre.

Trykk her for å lesa meir om pårørendesenteret

Trykk her om du er ung og pårørande

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 23.11.2022
Publisert: 28.06.2018