HeimHelse, sosial og omsorgPsykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam

Alver kommune har eit psykososialt kriseteam som har til oppgåve å hjelpe menneske i akutte situasjonar som rammer liv og helse i alvorlig grad. Kriseteamet er eit beredskapsteam som skal kunne aktiviserast på kort varsel når ting skjer.
Teamet skal være ein ekstra ressurs og hjelp når det er nødvendig med tidleg innsats i ein akutt fase før andre hjelpesystem er klare til å yte hjelp. Kriseteamet vil gjere vurderingar for behov om mobilisering i kvar enkelt situasjon. 

Korleis komme i kontakt med psykososialt kriseteam?

På dagtid: Ring fastlegen din
Kveld, natt og helg: Ring Nordhordland legevakt - telefon 116117.

Psykososialt kriseteam blir kontakta av legevakt eller andre nødinstansar. Du kan ikkje sjølv kontakte kriseteamet.


Sist oppdatert: 19.05.2020
Publisert: 19.05.2020