Influensa

Folkehelseinstituttet (FHI) ber befolkninga i Noreg om å førebu seg på ein kraftig influensasesong hausten og vinteren 2022/2023, og anbefaler alle i risikogruppene å vaksinere seg mot influensa.

Er du i ei risikogruppe?

  • Alle frå 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester som har annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
  • Barn og vaksne med:
    • Diabetes type 1 og diabetes type 2
    • Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • Nedsett immunforsvar
    • Svært alvorleg fedme (kroppsmasseindeks over 40)
    • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjere deg ekstra utsett ved influensa

FHI anbefaler i tillegg at desse gruppene tar influensavaksinen:

  • Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
  • Personar som bur ilag med immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgnsbemanning får tilbod om vaksinen der dei bur.

Vaksinering hjå fastlegen din

Er du i ei av risikogruppene, kan du få influensavaksine hjå fastlegen din dersom du alt har ein time. Sjølve influensavaksinen er gratis, men fastlegen kan ta eit gebyr for arbeidet med vaksineringa.

Du kan samtidig be om å få den andre oppfriskingsdosen av koronavaksinen, denne skal du ikkje betale for.

Barn

Har du barn i alderen 0 til 5 år som er i ei av risikogruppene, kan du ringe 56 37 59 19 for å avtale tidspunkt for vaksinering. Dei får vaksinen på helsestasjonen. 

Alle barn under 16 år må ha samtykke frå føresette.
Trykk her for samtykkeskjema.

Gravide

Gravide kan få influensavaksine hjå jordmor eller fastlege på allereie avtalte timar.

Vaksinering på apotek

Apoteka tilbyr influensavaksine både til deg som er i ei risikogruppe, og til deg som ikkje er det. På apoteket må du betale for influensavaksinen.

Du kan bestille time sjølv på Helseboka: 

Trykk her for å lese meir om influensavaksinen på Folkehelseinstituttet sine sider. 

Koronavaksine

Ønskjer du oppfriskingsdose med koronavaksinen? 

Trykk her for meir informasjon


Sist oppdatert: 08.03.2023
Publisert: 08.03.2023