Koronavaksine

Det vert ikkje fleire felles vaksinedagar i kommunen i vinter. Ønsker du vaksine, kan du ta den på eit apotek eller ta kontakt med fastlegen din.

Vaksinering på apotek

Alle som ønsker oppfriskingsdose med koronavaksine kan bestille time på apotek. Er du ikkje i ei risikogruppe, må du få resept på vaksinen hjå legen din. 

Bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgnsbemanning får tilbod om vaksinen der dei bur.

Vaksinering hjå fastlegen din

Tilhøyrer du ei av risikogruppene kan du ta kontakt med fastlegen din viss du treng vaksine. 

Vaksineanbefalingar hausten/vinteren 2023/2024

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefalar at desse gruppene tar ny oppfriskingsdose haust/vintersesong 2023/24:

  • personar som er 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
  • personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
  • ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • barn 5-11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnet sin lege vurderer dette som viktig
  • gravide i 2. og 3. trimester

Sjå meir informasjon på Folkehelseinstituttet sine sider. 

Behandling av korona med medisinen Paxlovid

Er du i risikogruppa og får symptom på korona, bør du ta ein sjølvtest. Viss sjølvtesten er positiv, ta kontakt med lege.

Legen vurderer då om det er aktuelt å behandle med Paxlovid. 

Er sjølvtesten negativ, men du framleis har symptom, er det anbefalt at du tar ein ny sjølvtest kvar dag fram til dag fire. 

Trykk her for meir informasjon om behandling med Paxlovid.

Vaksinasjon av barn og unge

Trykk her for å lese om vaksinasjon av barn og unge på Folkehelseinstituttet sine sider. 

Slik bestiller du time

  • Ring 56 37 59 19 om du vil bestille time til barnet ditt.

Samtykke

Alle barn under 16 år må ha samtykke frå føresette.

Samtykkeskjema - vaksinasjon av barn i alderen 6 månader til og med 4 år.

Samtykkeskjema - vaksinasjon av barn og unge i alderen 5 til og med 15 år.

Oppfriskingsdose til ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom

Folkehelseinstituttet anbefaler at ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg sjukdom tar ein oppfriskingsdose. 

Dette blir for dei fleste 3. eller 4. dose. 

Slik bestiller du time

  • Ring 56 37 59 19 om du vil bestille time til barnet ditt.
Oppfriskingsdose til deg som er 65 år eller eldre

Folkehelseinstituttet anbefaler oppfriskingsdose for alle personar i aldersgruppa 65 år og eldre.

Det bør ha gått fire månader sidan sist dose. 

Har du hatt koronavirus, bør det gå minst tre veker frå du er frisk att til du får ny vaksinedose.

Oppfriskingsdose til personar i aldersgruppa 18 til 64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp av koronavirus

Folkehelseinstituttet anbefaler ny oppfriskingsdose til personar i aldersgruppa 18 til 64 år med alvorleg grunnsjukdom. 

Trykk her for meir informasjon om risikogrupper.  

Oppfriskingsdoser til deg med alvorleg svekka immunforsvar

Folkehelseinstituttet anbefalar personar med alvorleg svekka immunforsvar som har fått 3 dosar i primærvaksinasjonen sin, å ta ein ny oppfriskingsdose. For ein del av desse blir dette dose nummer 5 eller 6. Det bør ha gått fire månader sidan sist dose. 

Du treng ikkje få ny vurdering av fastlege/spesialist for å få tilbod om ny oppfriskingsdose. Det er nok at du viser fram tidliegare dokumentasjon i form av vaksinebrev frå spesialisthelsetenesta, journalnotat, resept/e-resept eller medikament-forpakning med namnet ditt.

Vaksine til gravide

Folkehelseinstituttet anbefaler at gravide i 2. og 3. trimester tar oppfriskingsdose. Dette er uavhengig om du har 2 eller 3 dosar frå før. Det bør gå minst fire månader sidan forrige dose. 

Gravide har auka risiko for alvorleg koronasjukdom, spesielt i 2. og 3. trimester.

Folkehelsinstitutet anbefalar grunnvaksinasjon til alle gravide som enno ikkje er grunnvaksinert, uavhengig av trimester. Det er ikkje kunnskap som tilseier at vaksinasjon med koronavaksine i første trimester gir risiko for verken mor eller barn.

Trykk her for å lese meir om koronavaksine til gravide.

Vaksine til personar med tidlegare alvorleg allergisk reaksjon

Har du tidlegare hatt ein alvorleg allergisk reaksjon (anafylaktisk/livstruande reaksjon) på vaksine, legemiddel eller anna?

Ring 56 37 59 19 for å bestille time til vaksinering. 

Om koronavaksinane

Vi nyttar til ei kvar tid den nyaste versjonen av koronavaksinen til oppfriskingsdose.

Trykk her for informasjon frå Folkehelseinstituttet.

Information on corona vaccine in foreign languages
Kontaktinformasjon (adresse og telefonnummer)

Team for smittevern:

  • Adresse: Region Nordhordland Helsehus, 3 etasje, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø - oppmøte etter avtale.
  • Telefon: 56 37 59 19
  • Vi svarar på telefon klokka 09.00–15.00 på kvardagar 

Sist oppdatert: 22.01.2024
Publisert: 16.12.2020