HjemHelse, sosial og omsorgHjelpemiddellageret

Hjelpemiddellageret

Mellombels behov for hjelpemiddel

Treng du hjelpemiddel på grunn av mellombels nedsett funksjonsevne, kan du ta kontakt med kommunen sitt hjelpemiddellager, sjå kontakt oss.

Hjelpemiddellageret har eit hentelager kor ein sjølv eller pårørande kan hente hjelpemiddel frå kl. 08.00 - 18.00 på kvardagar (får utdelt kode til dør).

Dette kan du få
  • toalettforhøyer
  • armlene til toalett
  • toalettstol
  • dusjkrakk
  • transportrullestol
  • underarmsrullator
  • rullator
  • sengebord
  • terskeleliminator
  • kjøreskinne

Dersom tilgjengeleg på lager:

  • badekarbrett
  • arbeidsstol

I tillegg gjer Hjelpemiddellagret teknisk tilpassing og reparasjonar hjelpemiddel. Dei flytter fastmonterte og større hjelpemiddel innvilga frå NAV hjelpemiddelsentral og returnerer dei hjelpemidla som skal tilbake til NAV hjelpemiddelsentral.

Varig behov for hjelpemiddel

Har du eit varig behov for hjelpemiddel, tar du kontakt med ergoterapeut eller fysioterapeut i kommunen. Eit varig behov er eit behov i meir enn to år. Ergoterapeut eller fysioterapeut kan hjelpe deg med å søkje om varig lån av hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentral til NAV.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Kontakt oss

Hjelpemiddellageret på Mjåtveit er kun bemanna etter avtale med hjelpemiddelteknikar (sjå kontaktinformasjon).


Sist oppdatert: 06.02.2023
Publisert: 05.07.2018