Norskprøvar

Om norskprøven

Norskprøven har ein skriftleg del og ein munnleg del.

Den skriftlege delen testar kor god du er til å lytte, lese og skrive. Den munnlege delen har både oppgåver du må løyse åleine og oppgåver du skal løyse i samtale med andre.

Du kan melde deg på nivå A1/A2, nivå A2/B1, nivå B1/B2 (nivå C1)

Du kan lese meir om prøven og dei ulike nivåa her

Påmelding til prøven

Norskprøver blir arrangert fire gonger i året.

Trykk her for informasjon om når prøvane er og påmeldingsfrist

 

Trykk her for å melde deg på

Kva kostar det?
  • 1000 kroner for skriftleg prøve.
  • 1000 for munnleg prøve
  • 500  kroner for delprøve i lese, lytte eller skriveferdigheiter.

Dersom du har rett til norskopplæring har du og rett på ein gratis prøve.

Treng du hjelp?

Ta kontakt med oss på vaksenopplæringa.

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.

  • Besøksadresse
    Kvernhusmyrane 8
    5914 Isdalstø

Trykk her for å sjå kart


Sist oppdatert: 01.04.2022
Publisert: 07.06.2018