HjemHelse, sosial og omsorgFlyktningar og integrering (Refugees and integration)Helsetenester for flyktningar og andre migrantar (Health services for refugees and other migrants)

Helsetenester for flyktningar og andre migrantar (Health services for refugees and other migrants)

Tilbod om helsekartlegging for flyktningar

Alle flyktningar får tilbod om helsekartlegging, slik at dei som treng oppfølging kan få det. Dette er ein frivillig samtale der me ønskjer å få oversikt over blant anna den enkelte sin situasjon, helse og vaksinestatus.

Oppfølging kan vere samtale med lege, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar i kommunen, eller vaksinering. Migrasjonshelseteamet kan og vise vidare til spesialhelsetenesta.

Tuberkulosekontroll

Alle flyktningar og asylsøkjarar frå land der det er høg førekomst av tuberkulose, er pliktige til å gjennomføre ei tuberkuloseundersøking.

Trykk her for oversikt over kva land som har høg førekomst av tuberkulose

Du må ta undersøkinga så snart som mogleg og seinast innan 14 dagar etter du har kome til Norge.

Ring migrasjonshelseteamet på 56 37 59 19 dersom du treng tuberkuloseundersøking.

Trykk her for å lese meir om tuberkuloseundersøking

Trykk her for informasjon om korleis tuberkuloseundersøking vert utført (på fleire språk)

Vaksinar

Alle barn og ungdom opptil 20 år som bur eller mellombels oppheld seg i Norge har rett til gratis vaksine gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.

Ta kontakt med migrasjonshelseteamet på 56 37 59 19 eller kontakt helsesjukepleiar på skulen til barnet ditt. 

Det kan også vere aktuelt med vaksinar for vaksne flyktningar. Du får tilbud om aktuelle vaksinar på helsesamtale med migrasjonshelseteamet.

Trykk her for å lese om kvifor det er viktig å vaksinere seg (på fleire språk) 

Trykk her for å lese om kva sjukdommar barnet ditt kan få vaksiner mot (på fleire språk)

Trykk her for informasjon om vaksine til vaksne

Tannlege

Barn og unge til og med 18 år får gratis tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta. 

Trykk her for meir informasjon om prisar og rettar. 

Offentlege tannklinikkar i Alver kommune: 

Vaksne må i utgangspunktet betale tannbehandlinga sjølv, men det finst nokre unntak. Informasjon om dette finn du på helsenorge.no

Har du eit akutt behov for tannbehandling, ta kontakt med tannlegevakta i Bergen.

Synsundersøking

Du bestiller sjølv time til synsundersøking hos optikar om du treng det.

Synsundersøking er ikkje gratis i Norge, men det finst nokre unntak. Informasjon om stønad og dekking av utgifter til briller finn du her:

Briller til barn - nav.no
Briller og kontaktlinser for synshemma - nav.no

Fastlegeordninga 

Når du er folkeregistrert i kommunen får du tildelt ein fastlege. Du får då eit brev med informasjon om kven som er din fastlege og kva legekontor du skal kontakte.

Det er for tida noko ventetid for å få tildelt fastlege.

Har du ikkje fastlege?

Dersom du ikkje har fått tildelt fastlege, men treng ein konsultasjon hos allmennlege, kan du ta kontakt med migrasjonshelseteamet på 56 37 59 19, måndag til fredag mellom klokka 10 og 12. Dei bestiller legekonsultasjon med lege etter nærare avtale.

Ring legevakta på 116 117 dersom du treng helsehjelp på kveld eller helg, eller du treng øyeblikkeleg helsehjelp.

Ring 113 ved livstruande skade eller sjukdom.

Viktig informasjon om helsetenestene i Norge
Betaling for helsetenester
Opningstider og kontaktinformasjon til migrasjonshelseteamet
  • Opningstider: kvardagar frå 09.00 - 15.00
  • Telefon: 56 37 59 19. Telefonen er open frå 09.00 - 15.00 på kvardagar
  • Adresse: Region Nordhordland Helsehus, 3. etasje, Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
  • Postadresse: Knarvik helsestasjon v/Migrasjonshelse, postboks 4, 5906 Frekhaug.

Sist oppdatert: 07.10.2024
Publisert: 14.02.2023