Bibliotek
Finn ditt bibliotek
Strilabiblioteket har tre avdelingar, to filialar og ein bokbuss:
- Frekhaug bibliotek ligg i kommunehuset på Frekhaug, Havnevegen 41
- Tlf: 56 17 10 80
- Knarvik bibliotek ligg i Amfi Knarvik.
- Tlf: 56 37 54 31
- Manger bibliotek ligg på Radøy ungdomsskule.
- Tlf: 56 34 91 13
- Lindås filial i Lindåshallen.
- Tlf: 56 37 52 58
- Bokbussen Nyfiken besøkjer barnehagar og skular i kommunen
Biblioteka på Frekhaug, i Knarvik og på Manger har ansvar for ulike hovudområde.
- Biblioteket på Frekhaug er eit bibliotek for kultur og oppleving. Her finn du mest romanar og forteljingar.
- Biblioteket i Knarvik er eit bibliotek for kunnskap og oppdaging. Her finn du mest bøker om fag, fakta og hobby.
- Biblioteket på Manger har ansvar for barne- og ungdomslitteratur. Alle tre biblioteka har like gode samlingar på barne- og ungdomslitteratur, men Manger har ei større samling av eldre bøker som ikkje er like etterspurt lenger og i tillegg har personalet større kompetanse på barne- og ungdomslitteratur.
Det er transport mellom biblioteka fleire gonger i veka og ein kan låne og levere der det passar for ein.
Kva skjer på biblioteket?
Biblioteket har ein del «faste» arrangement, som til dømes lesestund, språkkafé og bibliotekkonsertar. I tillegg har biblioteket foredrag, bokslepp, forfattarmøte og samtalar. Føl med på nettsidene til kommunen og biblioteket for å få ei oppdatert liste over arrangement.
Kva kan du gjere hos oss?
Låne bøker, tidsskrift, lydbøker og film, sjølvsagt!
Du kan i tillegg:
- Låne datamaskin
- Skrive ut, skanne og kopiere dokument. (Utskrift og kopiering kostar pengar, ta kontakt med biblioteket for oppdaterte prisar).
- Kople deg til gratis wi-fi
- Lese på biblioteket. Biblioteket abonnerar på fleire aviser og tidsskrift.
- Låne biblioteket som møterom (lag og organisasjonar)
- Låne og spele på Playstation (Knarvik)
Opningstider
Oppdaterte opningstider for heile Strilabiblioteket finn ein på nettsidene våre: Trykk her for å sjå Strilabiblioteket sine nettsider
Utvida opningstid
Biblioteket i Knarvik er meirope. Det vil seia at du kan kome inn på biblioteket når personalet ikkje er til stades. For å få tilgang til meirope bibliotek, må du skrive under ein kontrakt. Kontrakten finn ein på nettsidene til biblioteket. Merk: Her kan det vere endringar som følgje av koronaepidemien, sjekk biblioteket si heimeside for informasjon.
Trykk her for å sjå Strilabiblioteket sine nettsider
Biblioteket i Lindåshallen er meirope når hallen er open. I Lindåshallen treng ein ikkje kontrakt for å nytte biblioteket når personalet ikkje er der. Hugs å ta med lånekort.
Nettsidene
På nettsidene våre kan ein logge seg inn med lånekortnummer og pin-kode. Her får ein oversikt over låne sine. Ein kan også fornye og reservere bøker og oppdatere personlege opplysningar.
Ein finn også meir informasjon om tilboda til biblioteket, opningstider, boktips, aktuelle artiklar og arrangement.
Trykk her for å sjå Strilabiblioteket sine nettsider
Bli ein lånar
Slik blir du ein lånar
- Ta med deg legitimasjon på biblioteket.
- Ta kontakt med ein tilsett på biblioteket og be om hjelp til å bli registrert.
- Du kan velje mellom eit lokalt eller eit nasjonalt lånekort. Det lokale lånekortet gjeld for alle biblioteka i Nordhordland, medan det Nasjonale lånekortet kan du bruke på alle bibliotek i Noreg. Vi må registrere personnummeret ditt om du vil ha eit Nasjonalt lånekort.
Barn låner på foreldra sitt kort fram til dei startar på skulen. Då får barna eit eige kort som ligg på skulen og vert brukt på skulebiblioteket og bokbussen. Det er mogleg å få eit ekstra lånekort som barna kan bruke på biblioteket på fritida.
Lånekort på mobil
Det er mogleg å låne bøker via smarttelefonen i Knarvik og på Frekhaug. Det du treng då er ein QR-kodelesar og lånekortnummeret og pin-koden din.
Kva kostar det?
Det første lånekortet er gratis, og barn under 15 år får to lånekort gratis. Viss du mistar lånekortet ditt, så må du betale 20 kr for å få eit nytt kort om du er over 15 år eller 10 kr om du er under 15 år.
Ver vennleg å ta kontakt med biblioteket om du skiftar adresse, mobilnummer eller e-post.
Lånetid
Det er gratis og inga avgrensing for kor mykje du kan låne på biblioteket.
Lånetida varierer frå:
- Fire veker for bøker, lydbøker, tidsskrift og CD-ar
- To veker for snøgglånsbøker (eit utval av dei mest populære bøkene)
- Ei veke for dvd-ar
- Lånetida på materiale bestilt frå andre bibliotek utanfor Nordhordland kan variere
- Det siste nummeret av alle tidsskrift og aviser er ikkje til utlån
Vil du fornye lånet ditt?
Det er mogeleg å fornye det du har lånt to gonger viss ikkje andre har reservert det. Du kan fornye det du har lånt via automatane i biblioteket, e-post, telefon eller via heimesida til biblioteket www.nordhordlandsbiblioteka.no.
Vil du reservere eller bestille?
Det er mogeleg å reservere materiale som er utlånt eller under innkjøp.
Dette kan du gjere i biblioteket eller via heimesida vår, www.nordhordlandsbiblioteka.no.
Det er også mogeleg å bestille materiale frå dei andre biblioteka i Nordhordland på heimesida til biblioteket. For å bestille materiale frå andre norske bibliotek, må du ta kontakt med biblioteket. Når materialet som du har reservert eller bestilt kjem til biblioteket, så vert det sendt ut ein sms, e-post eller eit brev til deg.
Slik leverer du
Lever materialet på automaten i biblioteket eller til personalet. Viss biblioteket i Knarvik er stengt, kan du levere materiale i ei luke ved sida av inngangsdøra. På Frekhaug kan du levere bøkene i ein kasse utanfor døra til kommunehuset (inngangen mot Grønlandsfeltet). Det er mogeleg å levere inn materiale som høyrer til andre norske bibliotek på Strilabiblioteket.
Viss du ynskjer det, så kan du få ei påminnning på sms, når lånetida held på å gå ut.
Purring
Viss du ikkje leverar innan fristen, får du purring.
Strilabiblioteket krev ikkje lenger inn purregebyr, men ein sender framleis ut purringar. Biblioteket vil ha attende alt som vert lånt ut, slik at fleire kan ha glede av det.
Om du ikkje leverer materiale etter tre purringar, sender vi erstatningskrav for det du har lånt. For prisar på erstatningskrav, sjå lånereglar på nettsidene våre.
Trykk her for å sjå Strilabiblioteket sine nettsider
Erstatningskrav gjeld både for dei som er under og over 15 år.
E-bøker, e-tidsskrift, e-aviser og filmar
Biblioteket låner ut e-bøker og e-lydbøker via appen BookBites. For å låne e-bøker, treng du ein smarttelefon eller eit nettbrett som brukar iOS eller Android operativsystem, lånekort og pin-kode. Det er gratis å låne e-bøker og dei vert leverte inn av seg sjølv når lånetida er ute. Personalet kan hjelpe deg i gang med dette. Du kan låne e-bøker kvar som helst i verda med internettilgang.
Biblioteket tilbyr e-tidsskrift og e-aviser på mange ulike språk via appen PressReader. For å få tilgang til desse avisene og tidsskriftene, må du kome på biblioteket og vere på biblioteket sin wi-fi for å opne PressReader. Du har då automatisk tilgang til avisene og tidsskriftene i 72 timar. Etter 72 timar kan du kome på biblioteket att og då vil du få tilgang i 72 nye timar. Det er også mogeleg å lese desse avisene og tidsskrifta på biblioteket sine pc-ar.
Biblioteket tilbyr gratis streaming og nedlasting av norsk kort- og dokumentarfilm via appen Filmbib eller streaming via nettsida www.filmbib.no Du treng eit Nasjonalt lånekort og pin-kode for å logge deg på tenesta.