HeimKultur og aktivitetTilskotsordningar og stipend

Tilskotsordningar og stipend

Prosjektstøtte til mindre prosjekt som oppstår på kort varsel

 

Ungdomsrådmidlane

 

Ungdom kan søkje om støtte frå ungdomsrådet til tiltak og aktivitet som kan betre dei unge sitt oppvekstmiljø.

 

Til dømes:

 

  • oppstart av aktivitet eller prosjekt
  • innkjøp av utstyr og matriell
  • utvikling/formidling av kunst, kulturprodukjson og scene.

 

Søknadsfrist er innan ei veke før oppsett møte i ungdomsrådet, møtedatoar hausten 2020 er:

 

  • 12. oktober
  • 09. november
  • 16. desember

 

det kan søkjast om inntil kroner 5000,- frå ein aktør. Ved to eller fleire aktørar i samarbeid kan det søkjast om inntil 15.000.

 

Trykk her for meir informasjon om Ungdomsrådmidlane

Trykk her for å søkje ungdomsrådmidler

"Kjapt svar" - løpande søknadsfrist

Ordninga gjeld nyskapande, kreative mindre prosjekt som oppstår på kort varsel og som ikkje er ein del av normal drift og aktivitet. Det kan tildelast opp til kr 10 000 på delegert vedtak, og søknadsfrist er løpande. 

Trykk her for søknadsskjema

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Idrett og friluftsliv

Tilskot til drift og aktivitet i idrettslag og friluftsorganisasjonar – frist 1. mars

Ordninga skal støtte oppunder aktivitet og drift i idrettslag og friluftslivsorganisasjonar. For idrettslag vert tildelinga vert basert på medlemstal frå idrettsregisteret. Dersom laget ikkje er registrert sentralt, må dokumentasjon på medlemstal følgje søknad.

Trykk her for søknadsskjema

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Tilskot til drift og vedlikehald av større ordinære idrettsanlegg i privat eige – frist 1. mars

Ordninga gjeld større ordinære idrettsanlegg i privat eige, for organisert idrettsleg aktivitet og konkurransar. Tilskota utarbeidast etter framarbeidd vektingsnøkkel og definert anleggsliste Tilskota skal støtte oppunder heilskapleg anleggsutvikling og sørgje for føreseielege vilkår for idretten

Søknad skal sendast på e-post eller per post til kommunen. Søknaden skal innehalda informasjon om laget og ei oversikt over anlegga laget eig. Sist godkjende rekneskap og årsmelding, og budsjett for inneverande år skal leggjast ved.  

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Tilskot til nærmiljø- og friluftslivsanlegg i privat eige – frist 1. mars

Ordninga skal støtte mindre anlegg for eigenorganisert aktivitet og friluftslivsaktivitetar. Ordninga kan gjelde som periodiske satsingar. Ein kan ikkje få tilskot til reine leikeplassar.

Søknad skal sendast på e-post eller per post til kommunen. Søknaden skal innehalde informasjon om søkjar, informasjon om anlegget som skal byggjast, budsjett og finansieringsplan. Godkjend rekneskap og årsmelding for laget skal leggjast ved, samt budsjett for inneverande år. 

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Tilskot til friluftslivstiltak - løpande frist

Ordninga skal støtte tilrettelegging og utvikling av friluftslivstiltak, og kan gjevast i form av materialar, gjerdeklyv, grinder eller benkar, eller som refusjon av utgifter på delegert vedtak. Det skal liggje føre ein skriftleg avtale med grunneigar der tilrettelegginga skal gjerast. Standard avtale om tilrettelegging og merking av turstiar skal nyttast. Det bør også liggje føre ein avtale om vedlikehald av stien på minst fem år.

Ta kontakt om du ynskjer å søkja på denne ordninga:

Tilskot til kultur- og idrettsprosjekt – frist 1. mars og 1. september

Ordninga skal støtte prosjekt innan kultur- og idrettsfeltet, opne arrangement og innkjøp av utstyr. Tilskot kan mellom anna gjevast til lydfesting av musikk, kunst- og sceneprosjekt, kunsthandverk, film og animasjon. Søknadar vert basert på prosjektbeskriving. Tilskot er behovsprøvd og kan gjevast direkte tilskot eller som underskotsgaranti. Underskotsgaranti til arrangement skal søkjast i forkant, og kan ikkje gå til arrangement som er budsjettert i underskot.

Trykk her for søknadsskjema 

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Musikk

Tilskot til drift av skulekorps og barnekor – frist 1. mars

Ordninga skal støtte driftsutgifter som administrasjon, leige av lokale, instruktør og utstyr, og er basert på medlemstal og aktivitet i skulekorps og barnekor der medlemmane i hovudsak er barn og unge (0-19 år).

Trykk her for søknadsskjema

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Tilskot til drift av kor, vaksenkorps og andre musikklag – frist 1. mars

Tilskotsordninga gjeld driftstilskot til amatørbaserte kor, vaksenkorps og andre musikklag der medlemmane i hovudsak er over 19 år. 

Trykk her for søknadsskjema 

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Tilskot til deltaking i nasjonale og internasjonale konkurransar for korps og musikklag – frist 1. mars

Ordninga skal støtte utgifter ved reise og opphald i nasjonale og internasjonale konkurransar for korps og musikklag i Alver kommune. Korps som deltek i elitedivisjon og skulekorps vert prioriterte.

Krav til søknaden

Søknad skal sendast på e-post eller per post til Alver kommune. Søknaden skal innehalde informasjon om laget, informasjon om konkurransen, medlemstal, budsjett for reisa og finansieringsplan. Godkjend rekneskap og årsmelding, og budsjett for laget skal leggjast ved. 

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Tilskot til kultur- og idrettsprosjekt – frist 1. mars og 1. september

Ordninga skal støtte prosjekt innan kultur- og idrettsfeltet, opne arrangement og innkjøp av utstyr. Tilskot kan mellom anna gjevast til lydfesting av musikk, kunst- og sceneprosjekt, kunsthandverk, film og animasjon. Søknadar vert basert på prosjektbeskriving. Tilskot er behovsprøvd og kan gjevast direkte tilskot eller som underskotsgaranti. Underskotsgaranti til arrangement skal søkjast i forkant, og kan ikkje gå til arrangement som er budsjettert i underskot.

Trykk her for søknadsskjema 

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Kunst, scene og kulturformidling

Tilskot til drift av kunst, scene og formidlingsaktivitetar – frist 1. mars

Ordninga skal støtte drift og aktivitetar innan det frivillige kunst, scene- og kulturformidlingsfeltet.

Trykk her for søknadsskjema 

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Tilskot til kultur- og idrettsprosjekt – frist 1. mars og 1. september

Ordninga skal støtte prosjekt innan kultur- og idrettsfeltet, opne arrangement og innkjøp av utstyr. Tilskot kan mellom anna gjevast til lydfesting av musikk, kunst- og sceneprosjekt, kunsthandverk, film og animasjon. Søknadar vert basert på prosjektbeskriving. Tilskot er behovsprøvd og kan gjevast direkte tilskot eller som underskotsgaranti. Underskotsgaranti til arrangement skal søkjast i forkant, og kan ikkje gå til arrangement som er budsjettert i underskot.

Trykk her for søknadsskjema 

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Kulturbygg

Tilskot til mindre investeringar ved kulturbygg og anlegg i privat eige - søknadsfrist 1. mars 

Ordninga skal støtte mindre investeringar i kulturbygg og vere med på å sikre eigna lokale for ulik kulturell verksemd i Alver. Tilskot kan gjevast til kulturbygg, fleirbrukslokale, forsamlingslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som scenekunstlokale, øvingslokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Midlane kan nyttast til vedlikehald, ombygging og modernisering, men ikkje til drift eller nybygg. Det kan gjevast tilskot til mindre investeringar i og kjøp av utstyr og materiell.

Målgruppe – kven kan søkje

Alle som driv ikkje-kommunale kulturhus kan søkje midlar frå denne tilskotsordninga, men frivillige organisasjonar utan betydeleg grad av offentleg tilskot har førsteprioritet.

Trykk her for søknadsskjema

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Tilskot til lokale kulturbygg - frist 15. mars

Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune, samt andre lag som fyller krava i retningslinene for ordninga, kan søkja tilskot til kulturbygg. Søknadsfrist i Alver kommune er 15. mars. 

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Kulturvern og samlingar

Tilskot til meirkostnadar ved istandsetting av nyare tids kulturminne i privat eige – frist 1. september

Ordninga skal bidra til å ta vare på verdifulle og verneverdige bygningar, kulturmiljø og andre typar kulturminne i Alver kommune i privat eige. Kulturminne som er prioriterte i kulturminneplan og verneverdige kulturminne som ligg i omsynssone for kulturminne skal normalt prioriterast. Restaureringa skal skje i tråd med antikvariske prinsipp og i dialog med kulturminneansvarleg i Alver kommune. 

Trykk her for søknadsskjema

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Tilskot til prosjekt innan kulturvernarbeid og immateriell kultur – frist 1. mars og 1. september

Ordninga skal støtte kulturvernarbeid, samlingar og ivaretaking av lokal immateriell kultur.

Trykk her for søknadsskjema 

Andre kulturaktivitetar

Tilskot til drift og aktivitet til lag og organisasjonar som ikkje fell inn under dei andre ordningane – frist 1. mars

Ordninga skal støtte drift og aktivitet i lag/organisasjonar som ikkje fell inn under dei andre tilskotsordningane.

Trykk her for søknadsskjema

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

 

Stipend 

Kulturstipend – frist 1. mars

Opptil tre kulturstipend skal gå til kunstnarar/kulturutøvarar, som er registrert busett i Alver kommune, har si verksemd herifrå, og som har heile eller delar av si inntekt frå kunstnarisk eller kulturell verksemd. Stipendet skal stimulere til lokal kulturutvikling og lokale kulturopplevingar.

Stipendet skal gå til følgjande tiltak:

  • Utvikling av lokalt kulturliv i samarbeid med aktørar frå lokal amatørkultur, som leier fram til eit ferdig produkt, aktivitet eller framsyning.
  • Kunnskapsoverføring mellom profesjonelle aktørar og lokalt amatørkulturliv.
  • Eigenutvikling og auking av kompetanse, som kjem det lokale kulturlivet til gode.
  • Prosjekt som stimulerer og sikrar overføring av lokal kunnskap og kultur, og immateriell kulturarv.
  • Aktuelle uttrykksformar er musikk, dans, scenekunst, litteratur, biletkunst, kunsthandverk og film/media.

Ordninga har ei øvre grense på kr 30 000. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar vert det ikkje tildeling.

Kulturstipenda skal delast ut etter ei vurdering av kunstnarisk innhald, gjennomføringsevne og verdi for det lokale kulturlivet. Søknadar skal innehalde ein plan for tiltaket og bruken av stipendet, CV og døme på tidlegare arbeid. 

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Idrettsstipend – frist 1. mars

Opptil tre idrettsstipend kvart år skal gå til idrettsutøvarar, trenarar, dommarar eller idrettsleiarar som er del av, eller har bakgrunn frå og tilknyting til, idrettslivet i Alver. Stipendet skal støtte høva for å utvikle seg innan idretten, og prioritere søkjarar i aldersgruppa 15 – 26 år.

Stipendet skal gå til følgjande tiltak:

  • Eigenutvikling og kompetanseauking.
  • Kostnadar ved reise eller opphald i samband med trening utanfor kommunegrensene.
  • Kostnadar ved utstyr eller omfattande individuell reiseverksemd ved nasjonale og internasjonale meisterskap.
  • Utvikling av lokalt idrettsliv og etablering av nye aktivitetar.

Ordninga har ei øvre grense på kr 30 000. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar vert det ikkje tildeling.

Idrettsstipenda skal delast ut etter ei vurdering av gjennomføringsevne og dokumenterte prestasjonar dei siste 3 år. Søknaden skal innehalde plan for tiltaket og bruken av idrettsstipenda, dokumentasjon av prestasjonar, CV og skriftleg uttale frå idrettslag og/eller særkrets eller særforbund.

For spørsmål eller meir informasjon om ordninga, kontakt:

Krav til søkjar

Tilskot kan gjevast til lag, organisasjonar og einskildpersonar som har sitt virke i Alver kommune. Søkjarar utanfor kommunen kan etter vurdering få tilskot dersom midlane vert øyremerkt verksemd i Alver kommune, og det ikkje finst lag eller aktørar i kommunen som ivaretek denne aktiviteten eller det gjeld verksemd som kjem barn og unge frå Alver til gode. 

Har ei foreining/organisasjon i kommunen sjølvstendige under-/ særgrupper, vert det berre gjeve tilskot etter søknad frå hovudlag. Det vert ikkje gjeve tilskot til politiske parti, organisasjonar som har som føremål å samla inn midlar til andre organisasjonar, organisasjonar som ikkje er opne for alle i målgruppa, eller kommunale, fylkeskommunale eller statlege institusjonar/anlegg.

Alle som mottek støtte må godta ordning med følgjekort på arrangement.

Krav til søknader

Søknad skal leverast på gjeldande søknadsskjema. For lag og organisasjonar skal godkjend rekneskap samt årsmelding frå føregåande år og budsjett for inneverande år leggast ved søknaden.

Ufullstendige søknader, søknader som kjem etter søknadsfristen og søknader som fell utanfor retningslinene for ordninga, vert ikkje handsama.

Manglande rapportering eller oppfylling av kriteria for tidlegare tilskot kan føre til at søknadar vert avvist.

Dersom ein søkjer tilskot frå fleire av ordningane skal det fremjast separate søknader.

Meir informasjon 

For meir informasjon om Alver kommune sine tilskotsordningar innan kulturfeltet, sjå retningsliner for kommunale tilskotsordningar til kultur, idrett og friluftsliv, eller ta kontakt med kontaktperson som er lista opp under kvar av ordningane. 

Tilskotsportalen

Alver kommune vil ta i bruk Tilskuddsportalen som er ein portal der du kan få oversikt over ulike ordningar for tilskot til laget ditt.  

For å få tilgang, ta kontakt med: 

Alver kommune kan berre gje tilgang til lag og organisasjonar som er heimehøyrande i kommunen. 


Sist oppdatert: 25.09.2020
Publisert: 25.09.2020