Skatteattest

Når treng eg attest for skatt og meirverdiavgift?
  • Når du skal levere varer og tenester til det offentlege, må du leggje fram attest for skatt og meirverdiavgift, men også andre oppdragsgjevarar krev skatteattest når du skal gi et anbod.
  • Du kan også trenge skatteattest i samband med ei skjenkebevilling eller ein søknad om løyve.

Du kan sjølv velje om du vil ha skatteattesten på bokmål, nynorsk eller engelsk.

Når og kvar får eg attesten?

Her kan du bestille Attest for skatt og meirverdiavgift i Altinn

Du bestiller sjølv attesten i Altinn. Attesten vert produsert automatisk og levert i meldingsboksen din i Altinn. Normalt skjer dette rett etter at du har sendt bestillinga. Foretak får alltid attesten levert i Altinn.

Er du ein personleg skattytar, får du normalt attesten rett i Altinn. Om du ikkje bestiller attesten i Altinn, og har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon, får du attesten til postadressa du er registrert med i folkeregisteret.

Får du ikkje til å bestille attesten via Altinn, kan du kontakte Skatteetaten for å få hjelp til å bestillinga. 

Kva rolle må eg ha for å bestille attesten i Altinn?

For å bestille attesten treng du Altinn-rolla "Privatperson begrensede rettigheter" når du bestiller for deg sjølv eller enkeltpersonforetak. Bestillar du attest til eit selskap, treng du Altinn-rollen "Regnskapsmedarbeider". Signering krev rolla "Begrenset signeringsrettighet eller revisorrettighet".

Brukarstøtte

Treng du hjelp til innlogging, navigering, delegering av roller eller anna knytt til bruk av Altinn, må du kontakte Altinn brukerservice.


Sist oppdatert: 10.09.2021
Publisert: 14.11.2018