Omsetjingsoppgåve og bevillingsgebyr

Storleiken på gebyret heng saman med kor mykje alkohol som vert seld. Opplysningar om alkoholsalet skal du opplyse om i omsetjingsoppgåva.
 
Trykk her for å sende inn omsetjingsoppgåve
 
Bevillingsgebyret utgjer per år minimum 1660 kroner for daglegvarehandel og minimum 5200 kroner for skjenkestader. Satsane for bevillingsgebyret finn du i alkoholforskrifta.
Bevillingshavarar som har fleire bevillingar må sende inn omsetjingsoppgåve for kvar enkelt sals- eller skjenkestad. Fristen for innsending er 1. mars.

Ny verksemd

  • Dersom sals- eller skjenkestaden har ny bevilling med drift frå dette året skal du melde forventa omsetjing.
  • Omsetjingsoppgåva skal vera stadfesta av revisor eller lagt ved leverandørlister.

Opphør eller sal av verksemda

  • Bevillingsgebyret gjeld heilt til bevillinga blir sagt opp.
  • Dersom sals- eller skjenkestaden blir løyst opp eller blir seld, skal omsetjingsoppgåva sendas inn så snart endelege omsetjingstal er klare.

Drift på tidlegare eigars bevilling

  • Dersom du har teke over ein stad med sals- eller skjenkebevilling, må du senda oss omsettingsoppgåva innan 14 dagar etter at du har sendt søknad om ny bevilling.

Sist oppdatert: 21.08.2020
Publisert: 21.08.2020