Skjenketider

Skjenketider

Skjenketida for alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 er alle dagar frå klokka 08.00 til 02.00 med følgjande unnatak:

  • Søndagar og heilagdagar startar skjenking frå klokka 12.00.
  • Skjenketida for alkoholhaldig drikk gruppe 3 er frå klokka 13.00 til klokka 01.00 alle dagar.
Skjenking på uteareal

Løyvet gjeld for eit avtalt, avgrensa areal.

Det er ikkje lov med musikk eller underhaldning på høgtalar/anlegg etter klokka 23.00. 

Søkjer du om utvida skjenkeareal til eit større enkeltarrangement kan du få løyve til musikk og underhaldning etter klokka 23.00.

Trykk her for å lese alkoholpolitisk plan for Alver kommune.


Sist oppdatert: 10.09.2021
Publisert: 01.08.2018