HjemSkatt, næring og landbrukServerings-, sals- og skjenkeløyveSøkje skjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Søkje skjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Når må du søkje om skjenkeløyve for arrangement?

Du må søkje om skjenkeløyve dersom:

  • du leiger lokalet og tar betalt for alkohol eller når lokalet berre har serveringsbevilling og du skal servere eller selge alkohol.
  • du skal servere alkohol i eit lukka selskap, til dømes bryllaup, jubileum eller liknande
  • du skal ha et arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkebevilling eller utandørs på eit avgrensa område
  • Unntak: Du treng ikkje søkje om skjenkeløyve dersom du låner/leiger lokale som eit alternativ til eigen heim til eit privat arrangement. Utleigar/lånar må ikkje vere involvert i arrangementet på anna måte, til dømes innkjøp, servering og utvask. Arrangementet må ikkje annonserast.
Slik søkjer du

Vi har eit felles søknadsskjema for opne og lukka arrangement.

Trykk her for å søkje skjenkeløyve for opne og lukka arrangement.

Krav til søkjar

Du som søkjer må vere over 20 år.

Dersom søkjar ikkje skal vere ansvarleg for skjenkinga, må du skrive kven som skal vere ansvarleg. Skjenkeansvarleg må vere over 20 år. Skal du ha ein avløysar for skjenkeansvarleg, må han eller ho også vere over 20 år. Det er ikkje nødvendig med avløysar på mindre arrangement.

Ved søknad om skjenking av alkohol til eit einskild løyve med over 250 personar vil det vera krav til bestått kunnskapsprøve for skjenking for styrar.

Kva kostar det?

Skjenkeløyve for eit enkeltarrangement

Ved søknad om skjenkeløyve for eit enkeltarrangement må du betale eit gebyr for sakshandsaming: 

  • 0-99 personar/gjestar: kr. 600
  • 100-250 personar/gjestar: kr. 1500
  • 251-500 personar/gjestar: kr. 3000
  • Over 500 personar/gjestar vert det krevd minstegebyr etter alkoholforskrifta §6-2.
  • Om det ved kontroll viser seg å vere fleire gjestar enn oppgjeven i søknad, vert det sendt krav på kr. 1500.
  • Om arrangementet vert avlyst, skal det berre betalast eit gebyr på kr. 500

Ambulerande løyve

Ved søknad om ambulerande løyve er sum gebyr lik alkoholforskrifta §6-2, og vert årleg regulert.

Skjenketider

Trykk her for å lese alkoholpolitisk plan for Alver kommune.

Når får du svar på søknaden?

Vi behandlar søknaden din innan to veker.

Korleis får du svar?

Dersom du har gitt oss ei e-postadresse, kjem svaret på e-post.

Har vi ikkje e-postadressa di, får du svaret via Altinn, Digipost eller E-boks.


Sist oppdatert: 21.06.2024
Publisert: 01.08.2018