Bustøtte

Slik søkjer du

Søknadsfristen er den 25. kvar månad.

Du får eit svar frå oss innan 20. i månaden etter at du har søkt.

Trykk her for å gå til sida der Husbanken har søknadsskjema for bustøtte

Du kan velje eitt av to skjema:

  1. Bruk det elektroniske søknadsskjemaet dersom du har elektronisk ID og alle i husstanden din er registrert i folkeregisteret. Då får du berre spørsmål som er relevante for deg og din situasjon, og søknaden går digitalt til bustadkontoret i Alver.
  2. Alternativt kan du fylle ut papirskjemaet, skrive det ut og levere det på eitt av våre kontor for innbyggjarservice på Manger, Frekhaug og i Amfi Knarvik, eller sende det med posten til adressa under. Søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar. Det er difor viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

Før du opnar skjemaet, leit fram følgjande opplysningar:

  • Personnummer til alle i husstanden din.
  • Opplysningar om bustaden og buutgiftene dine.
  • Opplysningar om inntekta di og eventuell formue.

Send papirskjema til:

  • Alver kommune
    Bustadkontoret
    Postboks 4
    5906 Frekhaug
Kva kostar det?

Det kostar ingenting å få handsama søknaden om bustøtte.

Kva får du?

Bustøtta heng saman med inntekta og formuen til deg og den eller dei du bur ilag med.

Skjer det vesentlege endringar i inntekta og/eller formuen til husstanden, må du melde ifrå til sakshandsamaren din i kommunen.

Trykk her for å gå til Husbanken sin bustøttekalkulator.

Krav til søkjar

Alle over 18 år kan søke bustøtte.

Bustøtte er ikkje for studentar eller personar i førstegongsteneste. Men du kan likevel søke om du:

  • er student med born
  • er student utan born og studiet er eit ledd i eit offentleg arbeidsretta tiltak
  • er forelder til ein heimebuande student
  • er forelder til ein i førstegongstenesta som ikkje bur heime
  • er under 18 år og har eigne born

For å ha rett på bustøtte må du bu i ein eigen bustad med eigen inngang, eige bad og toalett, kjøkkenløysing og ein stad for kvile. Du kan likevel søke om du bur i eit kommunalt bufellesskap.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.

Trykk her for lese meir om korleis du kan klage på eit bustøttevedtak på husbanken.no

Slik melder du frå om endringar

Du har plikt til å melde frå dersom det skjer endringar i nokre av opplysningane du har gjeve i søknad om bustøtte.

Trykk her for å sjå korleis du kan melde frå om endringar


Sist oppdatert: 17.02.2023
Publisert: 13.11.2018