Kommunal bustad

Kva kostar det?

Leigekontrakt etter avtale.

Kva får du?

Gjennomgangsbustad er eit mellombels butilbod. Leigekontrakten vil normalt ikkje vare lenger enn tre år.

Krav til søkjar

Målgruppa for tilbodet er økonomisk og sosialt vanskelegstilte.

Du som søkjer må:
  • Vere fylt 18 år.
  • Vere utan bustad.
  • Vere registrert i folkeregisteret som busett i kommunen, og ha opphaldt deg her dei siste 12 månadane.
  • Vere norsk statsborgar eller ha gyldig opphald og vere i introduksjonsprogram for flyktningar.
  • På grunn av sjukdom eller sosiale årsakar ha trong for endring av noverande bustadforhold.
  • Ha låg inntekt.
  • Ikkje skulde husleige til kommunen.
  • Ikkje ha mislighalde kommunalt lån.

Har du blitt kasta ut av ein kommunal bustad, kan du ikkje søke på nytt før det har gått eitt år.

Bustadkontoret vil vurdere andre tiltak for å løyse behovet for bustad. Startlån kan vere eit slikt tiltak for å gjere det mogleg å kjøpe bustad. 

Trykk her for å lese meir om startlån på Husbanken.no

Slik søkjer du

No kan du søkje kommunal bustad digitalt. Kobo heiter systemet, og det er utvikla av Husbanken. Det er enkelt, brukarvenleg, og laga for å ivareta ditt personvern. Det er Alver kommune som tek imot og handsamar søknaden din om kommunal bustad.

Trykk her for å søkje elektronisk

Eller:

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for kommunal bustad.

For deg som søkjer på papir: 

  • Før du opnar skjemaet, leit fram dokumentasjon som visar kva inntekt du har og husleigekontrakt for noverande bustad.
  • Er du skilt eller separert, må du legge ved kopi av skifteavtale.
  • Er du utandlansk statsborgar, må du leggje ved kopi av pass eller opphaldsløyve frå UDI.

Fyll ut søknaden, signer og send skjemaet til:

  • Alver kommune
    Bustadkontoret
    Postboks 4
    5906 Frekhaug

Du kan og levere skjemaet til eit av våre kontor for innbyggjarservice. Desse finn du i Amfi Knarvik, på Manger og Frekhaug. Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post til kommunen.

Vi handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får svar frå oss innan 4 veker frå vi har mottatt søknaden din.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.


Sist oppdatert: 20.10.2023
Publisert: 13.11.2018