Retting av feil i matrikkelen / eigedomskartet
Skjema
Skjema for å krevje retting og feil i matrikkelen (pdf)
Retting av bygningsopplysningar
Du kan be om å få retta bygningsopplysningar som er feil i matrikkelen. Dersom det er registrert feil bygningskode på bygningen din, må du leggje ved dokumentasjon som viser kva bygningen er godkjent/bygd som og eventuelt bilete.
Endring av bygningstype krev søknad om bruksendring.
Retting av eigedomsgrense
Dersom det er feil i eigedomsgrensene eller feil gards- og bruksnummer i eigedomskartet, kan kommunen rette dette. I slike saker må ein leggje ved dokumentasjon som viser kva du meiner er riktig grense for eigedomen. Dette kan vere skuldskifteforretningar, utskiftningskart, jordskiftesaker eller andre dokument som gjeld eigedomen. Dokument som er tinglyst kan ein tinge frå Kartverket eller Statsarkivet.
Partar/naboar må samtykke til rettinga for at kommunen skal kunne gjennomføre rettinga. Dersom du og naboen er ueinige om kvar grensa går, kan ikkje kommunen avgjere tvisten. Saka må då bringast inn for forliksrådet, dei ordinære domstolane eller jordskifteretten.
Du kan lese meir om feil i grenser i eigedomskartet på Kartverket sine nettsider (kartverket.no)
Kva kostar det?
Retting av feil i matrikkelen er gratis.
Sende søknad
Krav om retting kan du sende på e-post: post@alver.kommune.no eller til
- Alver kommune
Postboks 4
5906 Frekhaug