Bod, uthus, veksthus eller leikehytte

Lurar du på kva plan som gjeld for eigedomen din?

Då kan du:

Bod, uthus, veksthus eller leikehytte er frittliggande bygningar for oppbevaring av utstyr og liknande. Du kan ikkje bu i bygningen eller bruke han til rom for varig opphald, som til dømes stove, kjøkken, soverom og bad.

Du treng ikkje å søke dersom:
  • det er hus eller næringsbygg oppført på eigedommen frå før - unntaket gjeld ikkje dersom det ikkje er bygd på eigedomen frå før
  • gjeldande plan (kommuneplan/reguleringsplan) for eigedommen opnar for bygging av bod, uthus og liknande
  • du ikkje skal bruke bygningen til å bu/overnatte i
  • samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 50 kvadratmeter
  • det er ein meter eller meir til nabogrensa
  • bygningen blir oppført med tilstrekkeleg avstand frå offentlig veg:
    • til kommunal veg skal avstanden vere 15 meter
    • til fylkesveg 57, 570 og 569 og europaveg skal avstanden vere 50 meter
    • til andre fylkesvegar skal avstanden vere 15 meter
    • anna byggegrense som er vist i reguleringsplan
  • maks gesimshøgde er 3,0 meter og maks mønehøgde er 4,0 meter
  • bygningen er frittliggande, i ein etasje og utan kjellar
  • du er innanfor det som er lov å bygga på eigedommen din (utnyttingsgrad/TU)
  • bygningen ikkje vert plassert over vass- og avløpsleidningar - avstand til offentleg leidningsnett må vera meir enn 4 meter
  • tiltaket ikkje vert ført opp i strandsona
    • Det er eit generelt byggeforbod innanfor 100 meters beltet langs sjø. Denne grensa kan vera erstatta av byggegrense i gjeldande plan, som gjer at grensa kan vera større eller mindre enn 100 meter. Ta kontakt med oss om du er usikker.

Sjølv om du ikkje må søkje, må du varsle oss når du er ferdig. På den måten får kommunen viktig informasjon om plassering, og kan leggje alle nye bygg over 15 kvadratmeter inn i kartet.

Slik varslar du kommunen når du er ferdig
  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Når du varslar om bod og uthus, skal du bruke blankett 5188 – Melding om bygning eller tilbygg.
  3. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre.
  4. Skjemaet sender du på e-post til post@alver.kommune.no, eller per post til:
    • Alver kommune
      Postboks 4
      5906 Frekhaug
Du kan søkje på eiga hand dersom
  • samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 70 kvadratmeter, og bygningen er maks ein etasje høg (bygningen kan i tillegg ha kjellar)
  • det er hus eller næringsbygg på eigedommen frå før (du kan ikkje søkje sjølv dersom det ikkje er bygd på eigedomen frå før)
  • gjeldande plan (kommuneplan/reguleringsplan) for eigedommen din opnar for bygging av bod eller uthus
  • bygningen ikkje skal brukast til å bu/overnatta i
  • samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) er under 70 kvadratmeter
  • bygningen har ein etasje og kan vere underbygd med kjellar. Kjellar må ha himling mindre enn 1,5 meter over det planerte terrenget sitt gjennomsnittsnivå.
  • bygningen kan ha loft dersom bruksarealet er mindre enn 1/3 av bruksarealet på etasjen under
Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom
  • det ikkje er bygd på eigedomen frå før
  • samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) er over 70 kvadratmeter
  • du skal bruke bygningen til overnatting eller varig opphald

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema.Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Skal du søke sjølv? Bruk blankett 5153
  3. Skal fagfolk søke for deg? Bruk blankett 5174 og 5175
  4. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  5. Skjemaet sender du på e-post til post@alver.kommune.no eller med posten til:
    • Alver kommune
      Postboks 4
      5906 Frekhaug

Søknaden må innehalde:

  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
  • Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
  • Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
    • vere målsett
    • vise kva du skal bygge
    • vise avstand til nabogrense
    • vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
    • vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
    • vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande)
  • Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
    • fasadeteikningar
    • planteikningar (innvendig i bygningen av alle plan)
    • snitt
  • Grunngitt søknad om dispensasjon, dersom tiltaket krev det.
  • Uttale/vedtak frå andre mynde.

Når fagfolk skal søkje, må søknaden i tillegg innehalde:

  • Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
  • Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181.

Kva kostar det?

  • Bod/uthus inntil 70 kvadratmeter frå 7.200 kroner
  • Har du søkt om dispensasjon, kjem det dispensasjonsgebyr på 10.000 kroner per dispensasjon i tillegg. Gebyr for godkjenning av ansvarsrett/sjølvbyggjar på 3.250 kroner kjem i tillegg dersom du har søkt om det.

Gebyret er det same for avslått sak.

Les meir

Trykk på lenkene for å lese aktuelle vegvisarar på Dibk sine sider:

Kva seier lova?

Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?

Alver kommune har innbyggjarservice i Knarvik senter og på kommunehusa på Manger og Frekhaug.

Innbyggjarservice har telefon 56 37 50 00.

Du kan sende e-post til:

E-postadressene er til generelle spørsmål. Vi svarar deg så raskt vi kan.

Treng du hjelp til ei byggjesak? 

Byggesak har rettleiing på telefon. Vi ønskjer å hjelpe flest mogleg, og har difor avgrensa tid for kvar samtale. Treng du meir detaljerte avklaringar, kan du be om førehandskonferanse. Sjå informasjon om det her.

  • Opningstid:
    • Måndag og onsdag
    • Klokka 09.00-15.00, med unntak av klokka 11.30-12.00
    • Telefon: 56 37 50 00

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.


Sist oppdatert: 01.06.2022
Publisert: 05.10.2018