Samle alt du må ha i byggjesøknaden

Trykk her for nasjonale sjekklister som kan vere til hjelp i prosessen

Beskrivelse av kva du søkjer om

Eit kort følgjebrev som gjer det enkelt for sakshandsamar å sette seg inn i kva du søkjer om.

Søknadsskjema

Søknadsskjema finn du her.

Du kan bruke enklare skjema for søknad om frittliggande bygning på mindre enn 70 m2, tilbygg mindre enn 50 m2 eller bruksendring. Informasjon om dette finn du her.

Teikningar og kart

  • Situasjonskart der du har teikna inn kva du skal byggje og vist avstand til nabogrenser, vegmidte, avlaupsleidningar og eventuelt andre bygningar på eigedomen din.
  • Målsette plan-, snitt- og fasadeteikningar.

Berekning av utnyttingsgrad

Kor mykje du kan byggje på eigedomen din avhenger av kva kommuneplanen sin arealdel eller reguleringsplanen opnar for, og kor mykje som er bygd på eigedomen frå før. Dersom du skal gjere endringar som fører til auka bygningsvolum på eigedomen, må du rekne ut ny utnyttingsgrad.

For å rekne ut dette, må du finne ut av kor store eksisterande bygningar på eigedomen er. Du kan bruke godkjente teikningar for eigedomen eller måle opp dei bygningane og konstruksjonane som skal reknast med.

For hjelp sjå her.

Eventuelle dispensasjonar frå lov, planar og forskrifter

Viss tiltaket er i strid med lov, plan eller forskrift, må du søke om dispensasjon. Informasjon om dette finn du her.

Avkøyring

Dersom du skal endre, opprette eller endre bruken av ei avkøyring i samband med ei byggjesak, må du søke om dette.

Søknadsskjema finn du her.

Uttale frå andre myndigheiter

I nokre saker må du skaffe løye eller samtykke frå andre delar av kommunen eller andre myndigheiter før du kan søke om eit byggjetiltak.

Dette kan vere naudsynt i blant anna følgjande samanhengar:

  • Tilknyting til kommunalt avlaup.
  • Oppretting eller endring av arbeidsplassar, sjå her.
  • Bygging nærare kommunal veg enn 15 meter, sjå her.
  • Bygging nærare fylkesveg enn 50 meter, sjå her.
  • Tiltak i sjø, sjå her.

Sist oppdatert: 03.11.2022
Publisert: 08.05.2020