HjemInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarBarnehage- og skulebruksplan - planprogram på høyring

Barnehage- og skulebruksplan - planprogram på høyring

Planprogrammet ligg ute til høyring og offentleg ettersyn i perioden 30.6.2023 til 29.9.2023.
Publisert: 30.06.2023
Sist endra: 28.08.2023

Etter innstilling frå utval for oppvekst, kunnskap og kultur og formannskapet gjorde kommunestyret i Alver i møte 22/6-23 vedtak om oppstart av arbeid med kommunedelplan «Barnehage og skulebruksplan», og vedtok samstundes å leggje ut framlegg til planprogram på høyring og offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningslova sine prosessreglar §§ 11 -12 og 11 -13.

Barnehage og skulebruksplan

For å kunna gi elevane eit godt pedagogisk tilbod, må kommunane heile tida vurdera om barnehage og skulestrukturen er rett. Folketalet utviklar seg ulikt i dei ulike krinsane i kommunen. Det fører med seg at barnetalet blir redusert ved nokre skular og barnehagar, medan det aukar ved andre. Alver kommune opplever både geografiske og demografiske endringar, og treng difor å utarbeide ny plan for bruken av barnehagar og skular.  

Kva er eit planprogram?

For alle planarbeid som har vesentleg verknad for miljø og samfunn skal det utarbeidast planprogram før planarbeidet vert sett i gang. Planprogrammet er ei oversikt over gjennomføringa av planarbeidet «ein plan for planlegginga».

Programmet viser korleis arbeidet med delplanen skal skje, kva tema ein ønskjer å fokusere på, korleis innbyggjarar skal medverke og gje råd og innspel til ønska utvikling.

Innspela som kjem inn i samband med høyringa vert vurdert og eventuelle endringar vert gjort før endeleg politisk vedtak av planprogrammet. 

Her er lenke til digital utgåve av framlegg til planprogram i Framsikt.
Her er PDF utgåve.

Slik kjem du med innspel til planprogrammet

Planprogrammet ligg ute til høyring og offentleg ettersyn i perioden
30.6.2023 til 29.9.2023.

Ynskjer du å gje innspel, kan du innan 29.9.2023 nytte: