Detaljregulering for Lindås gravplass på høyring

Detaljreguleringsplan for Lindås gravplass nedre, gbnr. 108/627 m.fl. ligg no ute til høyring.

Planen har planid. 46312023002.

Bakgrunn

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 gjorde Utval for areal, plan og miljø 05.06.2024, som sak 70/24, vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Planområdet er på om lag 40 daa og ligg like ved Lindås nærsenter, nord i Alver kommune. Planforslaget legg til rette for 1000 nye kiste- og urnegraver på gravplassen mellom fylkesveg 57 og Lindås senter. Tilkomst til gravplassen, prosesjonsveg, tilhøyrande gangvegar, parkering og eit areal avsett til drift inngår også i plan.


Planframlegg med vedlegg finn du her: Lindås gravplass nedre.


Merknadsfrist er sett til 31.7.2024.


Slik kan du kome med innspel: 


Perioden for offentleg ettersyn er frå 12.6.2024 – 31.7.2024.

Har du innspel til planen?

  • Send innspelet sitt på e-post til post@alver.kommune.no.
  • Du kan også sende innspelet med brev til
    Alver kommune v/planforvaltning,
    postboks 4,
    5906 Frekhaug.
  • Merk innspelet ditt med "plan v/arealforvaltning".

Sist oppdatert: 12.06.2024
Publisert: 12.06.2024