HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarDetaljreguleringsplan for Kvassnesbakken på høyring

Detaljreguleringsplan for Kvassnesbakken på høyring

Detaljreguleringsplan for Kvassnesbakken gbnr. 188/701 m.fl. Planid. 1263201904 er ute på høyring.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har Utval for areal, plan og miljø 9.12.2021, som sak 174/21, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Bakgrunn:

På oppdrag frå Erstad & Lekven Utbygging AS legg Holon arkitekter AS fram forslag til detaljreguleringsplan for Kvassnesbakken, gbnr. 188/701 m. fl. Planområdet er på om lag 3,5 daa og omfattar området avsett til BBB2 i områdereguleringsplan for Knarvik sentrum . Planområdet ligg langs den kommunale vegen Kvassnesvegen, sør for E39 i Knarvik.

Formålet med planen er å leggje til rette for oppføring av blokkbusetnad i form av «terrasserte bygg» med tilhøyrande funksjonar og infrastruktur. Det er planlagt for oppføring av 31 bueiningar, med parkeringsanlegg under bakken. Antall etasjar varierer frå 2 til 5. Felles uteområde er planlagd som eit stort tun i sør og eit mindre mot nord vest.

Saksdokument:

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Merknadsskjema oppstartsvarsling
  2. Støyvurdering Kvassnesbakken
  3. Planskildring
  4. Plankart
  5. Illustrasjonsplan
  6. Føresegner
  7. Begrunnelse avvik
  8. VA-rammeplan
  9. Støyvurdering
  10. Solstudiemai
  11. Solstudie vårjevndøgn
  12. Solstudie sommersolverv
  13. Snitt 1-1 og 2-2
  14. Snitt 3-3 og 4-4
  15. Plandiagram
  16. Planparkering
  17. Illustrasjon
  18. Illustrasjon
  19. Illustrasjon
  20. Illustrasjon
  21. Lengdeprofil
  22. Tverrprofil
  23. Illustrasjon takopplett
  24. Saksframlegg 1. gongshandsaming

Slik kjem du med innspel:

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn lagt ut på kommunen si heimeside. Grunneigarar, berørte naboar, lag og organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 13.12.2021 – 14.02.2022
Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@alver.kommune.no, eller sende brev til

Alver kommune,
Postboks 4,
5906 Frekhaug.

Merknaden stilast til Plan v/ Arealforvaltning.

Merknadsfrist er sett til 14.02.2022


Sist oppdatert: 13.12.2021
Publisert: 13.12.2021