Detaljreguleringsplan for Ytre Eidsnes

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har Utval for areal, plan og miljø 01.09.21, som sak 128/21, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Bakgrunn:

På oppdrag frå Egil Magnar Eidsnes legg ABO Plan & Arkitektur fram forslag til detaljreguleringsplan for Ytre Eidsnes gbnr. 215/2 mfl, planID: 46312020004. Planområdet har ein storleik på omtrent 6.8 daa, og ligg mellom Knarvik og Ostereidet. Ostereidet er næraste senter med sørvistilbod, og ligg omtrent 7 km frå planområdet.

Formålet ved reguleringsplanen er å leggje til rette for bustadbebyggelse med 5 einebustader. I overordna plan har området arealformålet LNFr, med ei omsynssone H510 – hensyn landbruk over seg. Sidan tiltaket fell under forskrift om konsekvensutredninger § 6, er det i dette planarbeidet utarbeida ei konsekvensutgreiing.

Sakspapir:

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Reguleringsplankart, sist revidert 14.09.2021
  2. Reguleringsføresegner, sist revidert 21.10.2021
  3. Planskildring, sist revidert 14.10.2021
  4. Ros-analyse, datert 23.11.2020
  5. Konsekvensutgreiing, sist revidert 01.11.2021
  6. Illustrasjonsplan, datert 14.09.2021
  7. Sol-skygge illustrasjonar
  8. VA-rammeplan, datert 25.06.2021
  9. Vegteikning C001 og C002, datert 17.06.2021
  10. Perspektiv og snitt, datert 11.03.2021
  11. Merknadsskjema planoppstart, datert 19.02.2021
  12. Saksframlegg – 1. gongs handsaming

Slik kjem du med innspel:

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn lagt ut på kommunen si heimeside. Grunneigarar, berørte naboar, lag og organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 02.11.2021 – 15.12.2021
Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@alver.kommune.no, eller sende brev til Alver kommune:

  • Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug

Merknaden stilast til Plan v/ Arealforvaltning.
Merknadsfrist er sett til 15.12.2021


Sist oppdatert: 02.11.2021
Publisert: 02.11.2021