Handlingsplan mot vald i nære relasjonar
6. september 2022 vedtok utval for oppvekst, kunnskap og kultur å leggje planforslag for «Handlingsplan mot vald i nære relasjonar» ut til offentleg høyring og ettersyn, (sak 22/62698).
Planforslaget er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med prosessreglane i plan- og bygningslova Kap. 11.
Handlingsplanen er ein strategi i Alver kommune sitt førebyggjande arbeid for å bekjempe vald og overgrep. Planen skal bidra til at kommunen har fokus på temaet og at berørte får eit tilrettelagt og heilskapleg tilbod.
Framlegg til plan vert kunngjort i avisa Nordhordland.
Trykk her for å sjå planframlegg digitalt.
Trykk her om du ønskjer å opne planen som pdf-fil.
Slik kan du kome med innspel
Perioden for offentleg ettersyn er frå 16.9.2022 til 31.10.2022.
Merknader til planforslaget kan sendast inn via e-post eller per post.
- E-post til post@alver.kommune.no
- Adresse: Alver kommune, Postboks 4, 5906 Frekhaug.
Merk uttalen: SAK 21/8365 Høyring – Handlingsplan mot vald i nære relasjonar.
Merknaden stilast til Helsestasjon- og jordmortenesta v/Kjersti Risa Marøy.
Merknadsfrist er 31.10.2022