HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHar du innspel til arbeidet med Kommunedelplan kultur, idrett og friluftsliv for Alver 2023- 2035?

Har du innspel til arbeidet med Kommunedelplan kultur, idrett og friluftsliv for Alver 2023- 2035?

Kva er eit planprogram?

Planprogrammet viser korleis kommunen ønsker å arbeide med kommunedelplanen, korleis ein ønsker å avgrense planen, korleis ein vil involvere innbyggarar til medverknad og få råd og innspel til ønska samfunnsutvikling.

Kommuneplan og kommunedelplan

Kommuneplanen er todelt og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Kort fortalt seier samfunnsdelen kva mål og strategiar me skal arbeide etter når vi utviklar kommunen vår, medan arealdelen viser kva aktivitet me skal ha kor i kommunen.

Kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv er prioritert i planstrategi for Alver 2021- 2024. Planen vil utdjupe føringar frå samfunnsdelen, samstundes som den synleggjer behova og set mål og strategiar for fagfeltet. Den skal også ha ein fireårig handlingsplan med prioriterte tiltak.

Høyringsutkastet

Her kan du lese høyringsutkastet til planprogrammet, med vedlegg. Du kan også låne eit papirdokument på innbyggjarservice i Knarvik Senter, kommunehuset på Manger eller kommunehuset på Frekhaug.

Vedlegg og saksdokument til planprogrammet:

Informasjonsmøte i høyringsperioden

Alver kommune inviterer til digitalt informasjonsmøte i høyringsperioden til planprogrammet.

Tid: Måndag 31.januar kl. 18.00- 19.00
Stad: Møtet var digitalt. Sjå opptak av møtet.

I samband med møtet opna me for å senda inn spørsmål som skulle få skriftleg svar i etterkant av møtet. Sjå spørsmåla og svara

Hugs at formelle innspel som skal handsamast politisk, må sendast inn skriftleg, som forklart under, «Slik kan du komme med innspel».

Slik kan du komme med innspel

Planprogrammet til Kommunedelplan kultur, idrett og friluftsliv ligg ute til høyring og offentleg ettersyn i perioden 17.01.2022- 28.02.2022.

Ønsker du å kome med innspel kan du innan 28.02.2022:

  • Sende e- post til post@alver.kommune.no
  • Sende post til Alver kommune, Pb. 4, 5906 Frekhaug
  • Merk innspelet med «sak 21/6449»

 


Sist oppdatert: 10.02.2022
Publisert: 18.01.2022