HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHar du meiningar om korleis kommunen skal vere organisert?

Har du meiningar om korleis kommunen skal vere organisert?

Alver kommunestyre har i sak 167/21 sett ned ei arbeidsgruppe med leiar Øyvind Oddekalv (ap) vara Nina Bognøy, nestleiar Astrid Aarhus Byrknes (KrF), vara Asle Hetlebakke, medlem Thomas Larsen (Høgre) med vara Nils Marton Aadland, medlem Sølvi Knudsen (Sp), vara Leif Taule, medlem Maria Færø (Uavhengig) vara Morten Klementsen, medlem Leif Johnsen (MDG) vara Sveinung Toft og medlem Nina Øvreås (FrP) vara Esben Helland.

Oppgåva har vore å utarbeide framlegg til evaluering av politisk styringsstruktur og reglement. Framlegget skal til høyring i råd og utval, men vert også lagt ut for open høyring.

Vi håper at lag og organisasjonar som har meiningar om dette, kjem med innspel, innan fristen torsdag 5. mai 2022.

Privatpersonar kan og kome med merknader. Du kan nytte vedlagde link til høyringa eller sende e-post til post@alver.kommune.no

Innkomne framlegg vert vurdert av arbeidsgruppa 12. og 19. mai, og ei innstilling er planlagt lagt fram for formannskapet 2. juni og kommunestyret 16. juni 2022.

Trykk her for lenke til eksisterande «Politisk styringsstuktur og reglement» med framlegg til endringar.


Trykk her for lenke til KO-sak 167/21

Trykk her her for å gje høyringssvar


Sist oppdatert: 04.04.2022
Publisert: 01.04.2022