HjemInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring av retningsliner for tilskot til kultur og idrett

Høyring av retningsliner for tilskot til kultur og idrett

Utval for næring, kultur og idrett godkjente i sist møte å sende ut høyringsforslag på nye retningsliner for tilskot til kultur og idrett. Vedtaket vart gjort den 3. september, i PS- 58/2024. 

Høyringsforslag: nye retningsliner for tilskot til kultur og idrett

Saksframlegg


Nye retningsliner er forankra i Kultur som drivkraft, kommunedelplan for idrett, kultur friluftsliv 2023-2035, som vart vedteken i juni 2023.
Hovudendringar er:

  1. Nytt oppsett på retningslinene for betre oversikt, og for å kunne lettare formidle til søkjaren det som gjeld ved den aktuelle ordning ein vil søkje på. Generelle pliktar og overordna føresetnadar er skilt ut i eigne delar.
  2. Friluftslivsorganisasjonar er føreslått inkludert i driftstilskot til idrett og skyttarlag. Dette har ikkje betyding for budsjettrammene for tilskot til idrett.
  3. Oppretting av ny ordning for arrangementstilskot og arrangørar, for skilje denne typen aktivitet ut av kulturprosjektordninga.
  4. Inkludering av fleirårleg driftstilskot og ungdomsrådsmidlar i nye felles retningsliner, der desse til no har vore festa i egne separate retningsliner. Eventuelle eingongstilskot vil verte omfatta av retningslinene, når det gjeld til dømes pliktar for mottakar.
  5. Forslag om endring av korleis tilskota vert vedtatt, med omsyn til prinsipp om armlengds avstand til ytringar og organisasjonsfridom, der det politiske utvalet går frå å gjere vedtak til å vere kontroll- og klageorgan. l dag er vert tilskota innstilt av eit fagleg utval før politisk utval gjer vedtak. Det faglege utvalet vil etter forslaget i staden tildele tilskota, og rapportere til politisk utval. Det faglege utvalet si innstilling vil framleis gå til høyring hos Alver idrettsråd og Alver kulturråd før vedtak.


Du kan sende merknadar og innspel til oss på følgjande vis, merka med referanse 2024/9458:

E-post til post@alver.kommune.no


Sikker elektronisk innsending: https://www.aIver.kommune.no/ om-kommunen/send-sikker­ elektronisk-post/ 

Brev til: 
Alver kommune
Pb 4
5906 Frekhaug

Eller lever til innbyggjarservice, som du finn i Knarvik senter.

Høyringsfrist er 2. oktober 2024. Denne er nokre dagar etter fristen du finn i vedtaket som ligg ved, og skuldast at vi dessverre måtte utsetje oppstarten av høyringa.


Sist oppdatert: 10.09.2024
Publisert: 10.09.2024