Høyring og offentleg ettersyn av kommunedelplan for E39 Flatøy-Eikefettunnelen

I medhald av plan- og bygningslova § 11-14 gjorde utval for areal, plan og miljø 20.03.2024 (sak 37/24), vedtak på vilkår om å leggja kommunedelplan for E39 Flatøy-Eikefettunnelen med planID1263-201611 ut til høyring og offentleg ettersyn.   

Planforslaget sitt hovudmål er tilrettelegging av ny trase på strekninga Flatøy-Eikefettunnelen med eit meir trafikksikkert og meir effektivt nord-sør-samband på Vestlandet innanfor dei rammer som er gitt i Nasjonal transportplan. Løysinga skal legge til rette for vidare utvikling av Knarvik som regionsenter, og skal fokusere på løysingar som styrker dagens tilbod.  

Alver kommune meiner at planlegging av samferdsleinvesteringar i dag i mindre grad skal la seg styre av forventning om trafikkvekst, men heller trafikktryggleik, føreseielege tilhøve for næringslivet, lågare kostnadar og mindre nedbygging av natur. 

Kommunedelplanen for E39 Flatøy – Eikefettunnelen skal bidra til å avklare løysing for det overordna vegsystemet gjennom regionsenteret Knarvik og gi føreseielege rammer for vidare utvikling. I tillegg skal planen bidra til å løyse dagens problematikk for mjuke trafikantar mellom Knarvik og Hjelmås.

Har du spørsmål til planen?

Kontakt Kristin Nåmdal
E-post: kristin.namdal@alver.kommune.no
Telefon: 47 46 62 96

Folkemøte og open kontordag 

Har du innspel eller spørsmål? Velkommen på open kontordag og folkemøte. 

Open kontordag på Region Nordhordland Helsehus i Knarvik: 

  • 29. april klokka 11-15.  
  • 14. mai klokka 14-19. 

Folkemøte på Region Nordhordland Helsehus i Knarvik: 

  • 7. mai klokka 18-20. 

Slik kan du kome med innspel 

Perioden for høyring og offentleg ettersyn er 8. april til 10. juni 2024 

  • Send innspelet ditt på e-post til post@alver.kommune.no. 

  • Du kan også sende innspelet med brev til Alver kommune v/plan og analyse, postboks 4, 5906 Frekhaug. 

Merk innspel med saksnummer (2024/27).


Sist oppdatert: 24.05.2024
Publisert: 08.04.2024