Høyring på detaljregulering for Børøy, Lygra

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10 har Utval for areal, plan og miljø 05.06.2024, som sak 2023/10596, gjort vedtak om å leggja planframlegg ut til offentleg ettersyn.

Intensjonen med planframlegget er å leggje til rette for utbygging av frittliggjande fritidsbustader. Planframlegget opnar for seks nye hytter og regulerer to eksisterande hytter. Det er lagt opp til felles parkeringsplass på sørsida av fylkesvegen og gangtilkomst til hyttene.

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort i Avisa Nordhordland og her på heimesida til. Grunneigarar, berørte naboar, lag og organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive.

Plandokument og vedtak er tilgjengeleg i digitalt planarkiv arealplaner.no under planbehandlinger.

Slik kan du kome med innspel.

Du kan kome med innspel i perioden 12.07.2024 – 31.07.2024

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen.

For å kome med innspel kan du sende e-post til post@alver.kommune.no  eller sende brev til Alver kommune, Postboks 4, 5906 Frekhaug. Innspelet ditt kan du stile til Planforvaltning.


Sist oppdatert: 12.06.2024
Publisert: 12.06.2024