Høyring på forskrift om meldeplikt for hogst
Fristen for å kome med innspel er 20. juli 2024.
Innspel sender du til post@alver.kommune.no eller i brev til Alver kommune, Postboks 4, 5906 Frekhaug.
Merk innspelet ditt med saksnummer 2024/1289.
Om forskrifta
All hogst på 2 dekar eller meir, som høyrer inn under forskrifta § 2 skal meldast til kommunen seinast 3 veker før hogsten skal setjast i verk. Meldinga skal vera skriftleg med kartfesta areal der hogst er planlagt og dessutan gi opplysningar om foryngingsmåte og art som skal nyttast til forynging.
Forskrift om meldeplikt før hogst i Alver kommune vil gjere det mogleg å rådgje grunneigar i forkant av hogsten om moglegheiter, tilskot, metodar for forynging, førekomst av viktige naturtypar, korleis planlegge hogsten med tanke på ønska foryngingsmetode med meir.
Les meir her
Utval for areal, plan og miljlø 5. juni 2024.
Informasjon om forskrifta finn du i sak 56/2024.