HjemInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av vedtatt reguleringsplan for Alversundbrua

Kunngjering av vedtatt reguleringsplan for Alversundbrua

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Alver kommunestyre 19.06.2024, sak 60/24, vedtatt følgjande reguleringsplan:

Detaljregulering for Fv. 565 Alversundbrua, PlanID 46312020005

Hovudformålet med planen er ny bru over Alverstraumen. Totalt regulerer planen om lag 900 meter ny fylkesveg med tilhøyrande avkøyrsler og sidevegar. Den nye brua over Alverstraumen blir litt over 200 meter lang med ei seglingshøgde på 28 meter. Brutype er ikkje fastlagt i plan, men det ligg føringar som opnar for at det kan byggjast to brutypar, hengebru eller bogebru. Planen regulerer også eit areal for bensinstasjon og noko bustadareal.

Sjå planframlegget og planvedtak.

Om klage og verknad av plan

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Kommunestyrets vedtak kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse.

Klagefristen er tre veker frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:

  • Som brev til Alver kommune v/ Planforvaltning, postboks 4, 5906 Frekhaug, eller
  • som e-post til post@alver.kommune.no

Klagefrist er sett til 03.08.2024.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2.


Sist oppdatert: 26.06.2024
Publisert: 26.06.2024