HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av reguleringsplan for Manger sentrum aust

Kunngjering av reguleringsplan for Manger sentrum aust

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Alver kommunestyre 25.11.2021, sak 135/21, vedtatt følgjande reguleringsplan:

Detaljregulering for Manger sentrum aust, PlanID 12602018000300

Bakgrunn:

Hovudføremålet med planframlegget er å regulere nye areal for næring og offentleg-privat tenesteyting og renovasjon. Reguleringsplanen legg vidare opp til generell utbetring av trafikktryggleik i området gjennom utbetring av kryss, avkøyrsler og fortau.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart, datert 15.9.2021
  2. Føresegner, datert 15.9.2021
  3. Planomtale, datert 20.11.2020 med revisjon 15.9.2021
  4. ROS-analyse, datert 20.11.2020 med revisjon 15.9.2021
  5. Trafikkanalyse, datert 18.11.2020 med revisjon 15.9.2021
  6. Veg teikningar BCDFR, datert 27.5.2020 og 14.5.2021
  7. VA-rammeplan med vedlegg, datert 29.1.2021
  8. VA teikningar GH100-102, datert 29.1.2021
  9. Merknadsskjema offentleg ettersyn & høyringar
  10. Uttaler offentleg ettersyn & høyringar
  11. Vedtak av plan KO, datert 25.11.2021


Om klage og medverknad av plan

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. fvl. §§ 28-36. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke, med mindre anna frist er oppgitt. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:

Alver kommune
Plan v/Arealforvaltning
postboks 4,
5906 Frekhaug,
eller som e- post til post@alver.kommune.no


Klagefrist er sett til 29.12.2021

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2 og 3.

 


Sist oppdatert: 08.12.2021
Publisert: 08.12.2021