HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av vedtak - Områdeplan for Ostereidet

Kunngjering av vedtak - Områdeplan for Ostereidet

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Alver kommunestyre, 16.12.2021 vedteke følgjande reguleringsplan:

Områdeplan for Ostereidet med PlanID 1263-201802

Bakgrunn:

Hovudføremålet med områdereguleringsplanen er å legge til rette for god stadsutvikling på Ostereidet, både ved senter- og skule-, idretts-, barnehage- og kyrkjeområdet. Det skal og etablerast ei trafikksikker samanbinding for mjuke trafikantar mellom desse to hovudområda.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1. Plankart_2021.07.05
  2. Føresegner_2021.07.08
  3. Planrapport_2021.07.05
  4. Endringsskjema etter høyring_2021.07.08
  5. Vegtegning C004
  6. Vegtegning C001_A
  7. Vegtegning C002_A
  8. Vegtegning_E39-Kryss
  9. Trafikktelling
  10. Idemyldringskart_21.12.20
  11. ROS-analyse_21.12.2020
  12. Illustrasjonsplan_21.12.2020
  13. Støyrapport_18.12.2020
  14. Vurdering_etter_naturmangfoldloven_18.12.2020
  15. Skredfarevurdering_18.12.2020
  16. VA-rammeplan_02.12.2021
  17. Oversiktstegning veg
  18. Oversiktstegning kollektiv skule
  19. Normalprofil
  20. Sak 1. gangs handsaming av områdereguleringsplan for Ostereidet
  21. Samordna uttale med motsegn_18.10.2019
  22. Svar på førespurnad om trekking av motsegn_20.09.2021
  23. Tverrprofil_U101
  24. Tverrprofil_U102
  25. Tverrprofil_U103
  26. Tverrprofil_U104
  27. Tverrprofil_U105
  28. Vedtak av plan

Om klage og medverknad av plan

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. fvl. §§ 28-36. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke, med mindre anna frist er oppgitt. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:

 

  • Alver kommune
    Samfunnsutvikling v/ Plan og analyse
    postboks 4,
    5906 Frekhaug,

eller som e- post til post@alver.kommune.no

Klagefrist er sett til 16.02.2022

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2 og 3.


Sist oppdatert: 27.01.2022
Publisert: 27.01.2022